AdmMit i Sandeid var den heldige bedrifta som fekk Ida (20) som sommarvikar.
– Me fekk mange søknadar, noko som var veldig kjekt. At me valde Ida, er me svært nøgde med. Ho er ei driftig og sjølvgåande jente, seier Stian Furseth i AdmMit.
Då Ida søkte sommarjobbar tenkte ho først det ville bli i ein by. Det var i byane det var flest utlyste stillingar som ho kunne tenke seg. Då ho oppdaga Game of Skills og såg kva AdmMit søkte etter, heiv ho seg raskt rundt og søkte.
– Eg er meir glad i bygda enn byen, og det å få ein så relevant sommarjobb heime hadde eg ikkje sett føre meg, fortel 20-åringen frå Suldalsosen.
Ein viktig rekrutteringskanal
Ida studerer informasjonsvitskap på Universitetet i Bergen. Der har ho eitt år igjen av bacheloren, før ho etterpå har lyst til å ta ein master innan anten informatikk eller informasjonsvitskap. Å flytte heim igjen er noko Ida alltid har sett føre seg, så å få sommarjobb på bygda var midt i blinken.
– Å flytte tilbake til bygda er noko eg alltid har tenkt på etter studiane. Å bli kjend med potensielle jobbar for framtida her, ser eg difor på som verdifullt, fortel Ida.
Furseth er einig med Ida, at å vise fram potensiale som ligg på bygda er viktig. Han meiner rekrutteringsprosjekt som Game of Skills er kome for å bli.
– Me her på bygda er ikkje så synlege for studentane i dei store byane som ikkje er i det same miljøet som oss. Det å få ein inngangsport til studentane tidleg er viktig, seier han.
– I AdmMit ser me på det å vera engasjert og interessert som viktige eigenskapar. Me er ein gjeng beståande av ein lærar, rektor, dekkselgar, sveisar, lastebilsjåfør og kokk. Å få framtidas arbeidstakarar her om somrane er då ein vinn-vinn situasjon, meiner han.
Utdanning i praksis
Hjå AdmMit skriv Ida kodar, og programmerer for å automatisera ulike oppgåver. Nå jobbar ho med datasett som ho skriv kodar til, blant anna time- og pauseføring. Når ho kjem på jobb klokka åtte om morgonen, set ho seg ned for å sjå om koden fungerer som den skal, og rettar opp i eventuelle feil.
Seinare i arbeidsperioden skal ho og vera med på rekneskap og løn.
Å få gjera det ho studerer i praksis, har gjort Ida enda tryggare på utdanningsvalet.
– Nå driv eg å vurderer kva det blir etter bacheloren, så det er ekstra kjekt å få prøva seg på sommarjobb for å sjå om det er noko eg likar, forklarar Ida.
Trivsel trass korona
Ida beskriv seg sjølv som ei jente som ikkje er den mest hyper-sosiale og som godt finn selskap i seg sjølv. Å studere trass korona har då gått nokså greitt for henne, men det har likevel bydd på utfordringar.
– Eg lærer nok betre av fysisk undervisning, og det er kjipt å miste så store deler av det sosiale fellesskapet ein får på studiet. Heimekontor har også vore utfordrande til tider, både i Bergen og heime.
Å ha familien, naturen og sine næraste venner rundt seg har vore det viktigaste for Ida i korona-tida. Utanom eksamensperiodane, brukte ho difor mykje tid heime. Eksamensperiodane trengte ho å ha i Bergen for å kunne styre ståket litt meir sjølv.
– Heime bur det jo fleire, så å ha det stilt rundt meg når eg treng det, er ikkje alltid like enkelt der, fortel Ida og smiler.
Å få sommarjobb heime var uventa, men midt i blinken for Ida. Både ho og Furseth håpar på meir fokus rundt næringslivet på bygda framover.
– Alle bedrifter er avhengige av arbeidskraft i åra som kjem, men om me ikkje set eit større lys på moglegheitene som er her, kjem ikkje nok potensielle arbeidstakarar heim igjen, understrekar Furseth.