- Det er ein fordel for dei som viser interessa si no i oppstartfasen, dei får nemleg tilbake momsen på den delen av tomtekjøpet som handlar om infrastrukturen, dermed blir tomteprisen lågare. Er det bedrifter som går med eit tomtebehov i magen kan dei godt ta kontakt no, meiner Stople Østbø.
Strategiske tomter
Bedriftsøkonomen som til dagleg jobbar i Tveit Regnskap er styreleiar for tomteutviklingsselskapet der BioVind AS, Vikedal Mur og Anlegg og Tveit Maskin AS har kjøpt seg inn og sit med reprensetantar i styret. Området på Nerheim i Ølen er ferdig regulert og 100 mål stort. Vindafjord kommune er også medeigar i selskapet med 49 prosent av aksjane.
- Me håpar me kan starte opp arbeidet med tomtene i slutten av janar, og innan utgangen av 2021 skal det vere byggeklare tomter. Me kjem til å bygge tomter trinnvis der me startar med trinn 1 og byggjer vidare til dei neste trinna når me har fått interessa på plass. Det reduserer den økonomiske risikoen, seier Stople Østbø.
- Skal me få til vekst og tilflytting i kommunen og vere med å skape nye lokale arbeidsplassar til ungdommane våre, så må me leggja til rette for næringslivet som vil etablere og utvikle si verksemd her, meiner ho.
Selskapet er no i gang med å formalisere avtale med Tveit Maskin AS og Vikedal Mur og Anlegg om entreprenørarbeidet på tomtene. Målet er å få på plass prisgunstige næringstomter som blir tilrettelagt kjøpar sine behov med tanke på storleik.
- Tomtene har og ein strategisk plassering, både med tanke på sentrum i Ølen og plassering av ny E134-trase frå Bakka til Solheim. Dei som etablerer seg her vil få plassering midt i eit trafikk-knutepunkt, slår Stople Østbø fast.
Grøn profil
Ho viser også til at næringsparken får ein tydeleg grøn profil. Blant anna får bedriftene som etablerer seg tilbod om å nytte solcellepanell i tillegg til at det blir tilgjengelege el-billadarar.
- Me skal vere framtidas næringspark med fokus på grøn energi og miljøvennlege fasilitetar, meiner styreleiaren som no håpar fleire bedrifter vil vise interesse når ein får marknadsføring og nettstad på plass.