Etne Sparebank opnar kontor i Vindafjord

- Me har mange kundar i Vindafjord og vil gjerne vera endå meir tilgjengelege for dei. Dette er også eit strategisk satsingsområde for oss, og me håpar å veksa her, seier banksjef Rune Ramsvik i Etne Sparebank.

- Vindafjord har allid vore viktig for oss og eit av våre primærområde. Nå som me satsar på ytterlegare vekst åra som kjem vil Vindafjord vera eit viktig satsingsområde, seier bansjef i Etne Sparebank Rune Ramsvik. 

3. april kunne den lokaleigde banken ønskja velkommen til kundane sine i nytt kontor i Medvind24 Næringshage i Ølensvåg. Som del av ei strategisk satsing for vidare vekst vil Etne Sparebank nå styrkja fotfeste i Vindafjord. 

- For oss er det viktig å vera tett på kundane og tilgjengelege for både eksisterande og nye kundar i Vindafjord. Samstundes ønskjer me også å veksa, og vil difor vera endå meir synlege i denne viktige delen av kundeområdet vårt, seier Ramsvik. 

Vekstambisjonar 

Etne Sparebank sine kunderådgjeverar vil ta i mot kundar i Medvind24 Næringshage i Ølensvåg etter avtale. 10 prosent av Etne Sparebank sine kundar er i dag heimehøyrande i Vindafjord, og Ramsvik håpar denne kundegruppa vil veksa i åra som kjem. 

- Vindafjord har vore eit viktig område for Etne Sparebank i mange år, og eg opplever at me er eit naturleg val for mange vindafjordingar. Dei siste åra har me bygd opp kapital og er når klar for å satsa for vidare vekst. Målet et 10 prosent årleg utlånsvekst i privatmarknaden i løpet av dei neste tre åra, fortel Ramsvik. 

Banken har seld inn leasing til nokre av dei tyngre næringslivsaktørane i Vindafjord og ønskjer fleire leasingkundar, men det er ikkje næringslivet som er hovudmålet for satsinga i kommunen. 

- I hovudsak satsar me på privatkundar i Vindafjord, men også mindre bedrifter er aktuelle for oss. Med tanke på dei store næringslivsaktørane har me som liten bank ein del avgrensingar, og siktar oss difor mest innpå private kundar og mindre næringslivsaktørar, fortel Ramsvik. 

Vil gi tilbake 

Etne Sparebank har i fleire år vore ein svært viktig bidragsytar til frivilligheita i Etne kommune. Både i form av gåver og som sponsoravtalar har banken vore ein viktig samarbeidspartnar for lag og organisasjonar. Dette er ei rolle Etne Sparebank også vil styrka overfor lokalsamfunnet i Vindafjord. 

Banken har mellom anna støtta Friluftsrådet Vest med 250.000 kroner til lysløypa på Opheim og bidratt med 100.000 kroner til Vindafjord Turlag sin nye turveg mellom Ølen og Etne. Samstundes har banken inngått ein ny sponsoravtale med Vindafjord Turlag, og arbeider med fleire liknande avtalar med lag og organisasjonar i Vindafjord. 

- Me er opptekne av å gi tilbake, både i form av gåver og sponsoravtalar. Me er lokale, og eigd av kundane våre. I motsetning til dei store regionbankane har me ikkje eigarar som krev avkastning. Difor ønskjer me å gi tilbake til innbyggjarane i form av støtte til frivillige lag og organisasjonar, og prosjekt som kjem ålmenta til nytte, seier Ramsvik. 

Etne Sparebank er også i ferd med å lansera eit nytt konsept for pengegåver til større prosjekt i Etne og Vindafjord. I løpet av året vil banken dela ut 900.000 kroner til prosjekt av ålmenn nytte. 

- Midlane kan søkjast på i tre omgangar. Første søknadsfrist blir i slutten av april. Me legg også opp til avstemmingar, slik at folk kan stemma på kva prosjekt som fortener å motta gåver, seier Ramsvik. 

Store teknologiske endringar 

Etne Sparebank er ein av om lag 100 gjenverande sparebankar i Noreg. I løpet av dei siste åra har banken utvida samarbeidet med fleire andre lokaleigde bankar i landet, og samarbeider i dag med ei rekkje sparebankar på Vestlandet og Sørlandet. 

 Eit av dei viktigaste samarbeidsområda er innan IT. 

- Me må satsa knallhardt på IT, og utviklinga går lynraskt på dette området. Bankane er ofte i forkant med nye teknologiske løysingar, og i løpet av åra som kjem vil det komma nye løysingar som vil gjera ei rekkje banktenester endå enklare for kundane å få utført. Vipps til dømes, blir utvikla til å omfatta mange fleire tenester. Mellom anna vil både våre privatkundar og bedrifter snart kunna betala rekningar i Vipps-appen. Dette er berre ein av svært mange nye løysingar som vil komma frå bankane i tida som kjem, seier Ramsvik. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details