I tillegg til alt det andre, er Terje Kleiven eigedomsutviklar. Det er eigedomsselskapet Isvik Helse AS som nå opnar kafé i Frøken Fryd sine tidlegare lokale.
Eit års testing
Etter at frøkna la ned for nesten eit år sidan, har lokalet stått tomt, og saknet etter møteplass vore stort. Som eigar av bygget, har Kleiven & co. tatt grep. Lokala er pussa opp og tilpassa ny drift. Ny sjefskokk er på plass, og nye tilsette på veg. Førebels plan er eit års drift for å testa ut konseptet i Isvik. Frå før driv Kleiven pop-up-restauranten Caprae heime på garden i Skjold.
Etterspurnad etter servering
– Det har vore ein del etterspurnad etter serveringsbedrift i Isvik, både frå fastbuande og folk på gjennomreise, seier Kleiven.
Isvik café, som vil få 44 sitjeplassar og rullerande meny etter sesong, vil altså få ei mjuk lansering i adventstida, med graut og pannekaker. Frå nyttår vil kafeen vera open måndag, tysdag, torsdag og fredag.
Brenn for Isvik
Men det er meir enn det økonomiske som driv Kleiven. Han ønskjer å styrka staden.
– Me som eig bygg her, likar ikkje tomme lokale i Isvik. Me vil at Isvik skal vera handelssenteret vårt. Då er det viktig å ha eit miljø der folk kan komma og møtast, seier Kleiven.