Inviterer til open dag

23. august er det open dag på Medvind Næringshage sine nye lokaler i Etne!

 

Fredag 23. august frå kl. 11-13 blir det både mingling, kaffi, og omvisning i lokala til Medvind Næringshage i Etne. 

- Me gler oss til å ta i mot alle som vil innom for å ta ein kaffikopp med oss, og ikkje minst ta ein kikk i nye, freshe lokaler, fortel dagleg leiar i Medvind Næringshage, Merete Vårvik Matre. 

Velkommen til open dag i Etne

  • Når: fredag 23 august, kl 11-13 
  • Kvar: Medvind Etne. Dei tidlegare NAV-lokala i Etne Sparebank sitt bygg. 
  • Program:
  • kl 11.00: velkommen og kort introduksjon av Medvind og kontorfellesskapet
  • Frå kl 11:15: servering av enkel lunsj. Kaffidrøs, mingling og omvisning i lokala. 
  • Påmelding til post@medvind24.no.
  • Sjå arrangement på Facebook

Flytta inn i vår

I vår flytta Medvind Næringshage inn i dei tidlegare NAV-lokala i Etne Sparebank sitt bygg, og har kontorplassar klare til alle som ønskjer som vil bli del av fellesskapet. Byggjefirmaet Brødrene Mæland er allereie på plass. 

Det er over 350 kvadratmeter der næringshagen vil kunne leiga ut 15 kontorplassar. Næringshagen i Etne vil tilby både faste kontorplassar og pendlarkontor til dei som kun ønskjer ein kontorplass til sporadisk bruk.

Medvind Næringshage har også lokaler i Ølensvåg og Sandeid.

Fleire fordelar i fellesskapet

Medvind Næringshage er leverandør av det offentlege næringshageprogrammet. Bedriftene i næringshagen i Etne vil og kunne nytta seg av fordelane ved å vera ein del av Medvind-fellesskapet. Anten det er som leigetakarar eller som målbedrift.  

Som medlem/målbedrift i næringshageprogrammet får bedriftene: 

  • Tilgang til eit stort bedriftsnettverk som kan bidra med kompetanse og erfaringsutveksling. 
  • Moglegheit til å delta på næringshagen sine faglege møteplassar og aktivitetar som bl.a. kurs, frukost- og lunsjmøte. 
  • Marknadsføring gjennom Medvind24 sine kanalar. Rabatterte kurs gjennom VAF sitt kompetanseprosjekt. 
  • Rabattert rådgiving med forretningsutviklarar, fagkonsulenter og søknadsarbeid 
  • Rabatt på tenester relatert til marknadsføring og kommunikasjonsarbeid for bedrifta di 
  • Rabatt på leige av kontorlokale i næringshagen. 
  • Årlege vekst- og utviklingssamtaler med våre forretningsutviklarar

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details