Økonomi på agendaen

Tveit Regnskap og Haugesund Sparebank set små og mellomstore bedrifter i fokus på den komande Økonomidagen som arrangeres for tredje året på rad.


Onsdag 2. oktober arrangeres Økonomidagen ved Tysværtunet kulturhus i Aksdal.

–Utgangspunktet for å lage ein økonomidag var at det ikkje fantes noko lignande på Haugalandet frå før. Dette hadde me lyst til å gjera noko med, fortel Jane Havn Skrunes, administrasjonskonsulent i Tveit Regnskap. 

Dei ønskjer å treffe dei små og mellomstore bedriftene som kanskje ikkje går på dei større konferansane som vert arrangert, og målet er å fortelja litt om ståa i næringslivet i dag og om korleis det vil sjå ut framover. Når dagen er ferdig skal alle deltakarane sitja igjen med praktiske tips, råd og verktøy til korleis ein kan driva bedrifta si betre og auka lønnsomheita.

Variert program

I år er det Bernt Jæger, den nye administrerande direktøren i Næringsforeingen Haugalandet som startar dagen. Han vil ta temperaturen på Haugalandet og fortelja om forventa utvikling framover.

Irene Buran Haraldseid som er HR-leiar i Tveit Regnskap vil setja fokus på ein arbeidskvardag i endring der digitalisering påverkar strategi, organisasjon og kompetansebehov. Leiar for bedriftsrettleiing, Kjell Larsen, presenterer det ferske barometeret, med spesielt fokus på byggebransjen og varehandel.  

I tillegg har dei har fått med to lokale bedrifter, Knapphus Kjøkkensenter og Haugesund Bok & Offset (HBO),  som skal fortelja deira historie med utfordringar i en tøff bransje og korleis å lykkast.

–Me har fått veldig gode tilbakemeldingar frå deltakarar tidlegare år, så me ser at me har noko som bedriftene ønskjer, det er veldig kjekt, oppsummerer Havn Skrunes.


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details