Oda Kambo Hersvik i 2STA og Frida Hundhammer i 3STB har kome med som deltakarar på «Teknologiuka for jenter». Arrangementet vil være frå 6. til 8. november på NTNU i Trondheim.
Utvalde jenter frå heile landet blir etter søknad inviterte av universitetet til å bli betre kjende med teknologi- og realfagsstudia. Dei må alle ha fysikk, matte R1 og matte R2 i programfaga sine. Karakterar har noko å seie.
Programmet består av presentasjonar, workshops og møte med studium og studentar. Hensikta er å informere om teknologistudia og kva spanande framtidsmoglegheiter dei gir.
- Eg trur og håpe at arrangementet vil være lærerikt og spennande. Eg håpe at eg finne meir ut om studiene og studentmiljøet ved NTNU, seier Frida.