Melder om godt vêr i Medvind

Medvind Næringshage har fått sin første pensjonist, sin første svangerskapspermisjon og sin første vêrmeldar. Og ny sofa. Slikt blir det organisasjonsendringar av. 

Av: Redaksjonen 

Publisert: 23. februar 2017

"Her har de ås" (som sjefen seier i staden for oss) i ein av to kjøkkenkrokar i næringshagen. F.v. Kari Aakra, redaktør  i Medvind24 og fungerande leiar i Medvind Næringshage, og kommunikasjonsmedarbeidarane Ellen Marie Hagevik og Elin Tvedt. Foto: Maria Djuve Vågen, Filter Design & Kommunikasjon

Han er framleis berre ungdommen, men Torleif Heggebø nyt altså nå dei første dagane av pensjonisttilvære, etter to og eit halvt år i Medvind24-redaksjonen. Med han mista redaksjonen altså ein tredjedel av staben sin til OTP. 

Dermed sit Medvind24 att med ein laksefiskar og ein sauebonde. Heldigvis er dei også journalistar: Ellen Marie Hagevik og Kari Aakra styrer Medvind24-skuta vidare etter beste evne innimellom laksefiske i Suldalslågen og lemming. 

Likevel er redaksjonen i vande for nokre ekstra musklar. Medvind24.no var difor heldige nok til å kapra ein av TV2 sine solstråler.

 Arne Gunnar Habbestad (t.v.) og Morten Helland er forretningsutviklarar med gode råd  til både nyetablerar og eksisterande næringsliv. Foto: Ellen Marie Hagevik

Nye krefter frå riksmedia

Elin Tvedt steppar inn som vikar i 40 prosent stilling til og med oktober. Ho skal som Hagevik og Aakra farta gjennom Vindafjord-bygdene på jakt etter dei gode historiene frå næringslivet i kommunen. 

Tvedt har stått stødig gjennom stormar og uvêr i villmarksrealityen 71 Grader Nord, og kan meir om vêr og vind enn nokon andre her på huset. Difor er me rimeleg sikre på at ho fører med seg lun medvind til «hagelaget» dette året. 

Samstundes som den sprekaste journalisten i Medvind24 valde å pensjonera seg, kom historiens første Medvind-baby til i januar. Dagleg leiar i Medvind Næringshage, Merete Vårvik Matre, såg seg difor nøydd til å bruka dei neste ni månadane i trillegrupper og full fart med jogge-vogn opp og ned til Olalia med yngstemann.

Dagleg leiar - ein tremannsjobb

Stillinga hennar blir dermed fordelt utover dei resterande ressursane i næringshagen: Forretningsutviklarane Arne Gunnar Habbestad og Morten Helland vil framleis stilla med stødig rådgiving til både nyetablerarar og eksisterande næringsliv, og tar over denne delen av Matre sin jobb. 

Helland og Habbestad har også eit par-tre fingrar med i ein del anna som skjer. Det meste har med tomter og forretningsutvikling å gjera, men den lista blir så lang at me vurderer heller å laga ein lengre føljetong (evt. ein podcast) om dette på eit seinare tidspunkt. 

Kari Aakra, som opphaveleg var sett til å halda medvind24.no i sving, overtar også delar av Matre sine oppgåver. Det gjeld hovudsakleg den administrative biten, då Helland og Habbestad kan styra entusiasmen sin for kontorarbeid og maskinskriving. 

Aakra er difor blitt fungerande dagleg leiar, som det så fint heiter.

Elles kan me melda at:  

  • me har fått ny og særs fargesprakande sofa (type kræsj-pink), strategisk plassert ved den formidable kaffimaskinen vår. 
  • me har i dag 26 bedrifter samla i næringshagen vår. Dei held på med alt frå betong og snekring til design, HMS og moms-juss. 
  • me har fleire nye selskap på veg inn i «hagelaget», og ledige kontorplassar dersom du er på jakt etter det. 
  • nye nettsider er på veg og blir publisert så snart teknologien tillet det. 
  • me tykkjer det er stor stas med besøk, og serverer oftare kake enn ikkje kake.
  • dersom du ønskjer å forvita deg meir om kva som føregår under dei beskjedne medvind-bokstavane på taket i Ølensvåg, er du hjarteleg velkommen innom til ein drøs! Er du heldig er det meir kake igjen når du kjem (… om ikkje Arne Gunnar har vore i kakefatet før deg, då.) 

Velkommen!

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details