Utvidar bustadfelt på Knapphus og Trovåg
Ved årsskiftet vil totalt nærare 40 nye tomter vera klare for sal i Trovåg og på Knapphus. - Frå tomtetørke i Vindafjord 8-10 år tilbake i tid, er situasjonen i dag ein heilt annan. Utviklinga av nye bustadfelt må likevel halda fram i alle bygder.
Det seier Per Berge, eigedomsutviklar i Berge Sag og styremedlem i Vindafjord tomteselskap.
Dei nye Knapphus-tomtene vil liggja nordaust for dagens bustadfelt på. 20 tomter blir utvikla for einebustader, i tillegg til eit område tilrettelagt for meir fortetta busetnad.
- Det har vore lite tilgjengelege tomter i dette område dei siste åra, så dette var ein viktig stad å få i gang nye bustadområde. Me har allereie fått fleire førespurnadar og mykje tyder på at mange unge familiar ønskjer å etablera seg på Knapphus, seier Berge
Nå startar også opparbeidinga av Trovåg Nord, eit bustadfelt med 17 tomter som vil liggja forlenginga av dagens bustadfelt i Trovåg i Vikebygd.
- Området er ferdig regulert, me er i gang med opparbeidinga og satsar på at tomtene vil vera klare i løpet av vinteren, seier Tor Vik i Kalstveit & Vik som står bak utbygginga.
Fokus på Sandeid og Vikedal
Dei fleste bygder i kommunen har i dag tomter for sal, og det blir også jobba for å leggja til rette for nye bustadfelt, seier dagleg leiar i Vindafjord tomteselskap, Morten Helland.
- Tomtesituasjonen i Vikedal har vore krevjande, men også her ser det ut til å lausna. Det er nå frigitt areal for bustadutvikling sør for Søndenåfeltet og me startar opp med reguleringsplanarbeidet på dette området nå i mai. Her vil det bli plass til omlag 25 tomter, seier Helland.
Også i Sandeid har situasjonen vore utfordrande grunna mangel på areal, men det blir arbeidd fortløpande med å finna nye område for bustadutvikling. Dette er ei av bygdene tomteselskapet har stort fokus på.
- Både Sandeid, Vikedal og Ølen er bygder som må få nye areal for bustadutvikling på planen snarast. I Ølen har me hatt mange tilgjengelege tomter dei siste åra, men også her byrjar det å minka, seier Helland.
Per i dag er det i dag ti tomter ledige på Balahaugen i Sandeid, i tillegg til eit område regulert for rekkehus og leiligheter.
- Me arbeider også med prosjekteringa av 10 leiligheter av ein litt lågare prisklasse retta mot førstegangsetablerarar, seier Olav Anders Stople i Bala Invest.
- Tomter over alt, alltid
Om tomtesalet i Vindafjord har dabba noko av i det siste, noko som er normale svingingar, er det på ingen måte noko grunn til at utviklinga av nye bustadområde skal gjera det same, påpeikar Berge.
- Går me 3-4 år tilbake i tid var det svært stor aktivitet på tomtesal og bygging, noko som har stansa litt opp dei siste. Det kan nok skuldast både oljekrise og noko mindre innvandring. Salet går i bølgedalar og eg trur det vil ta seg opp att i åra som kjem. Tomteutviklinga og opparbeidinga av nye felt må halda fram i same tempo som til nå. Ingen ventar tre år på å få ei tomt lengre, har ein først bestemt seg for å kjøpa og byggja, må det skje «i nuet», om ikkje ser ein på andre alternativ. Difor må me vera klar med tomter overalt til ei kvar tid, seier Berge.