Her kan du søkje om midlar:
Vindafjord kommune har fått tildelt 797.935 kroner til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder, medan Etne i denne runden har fått 372.449 kroner. Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg ramma av lokale og nasjonale smittevernstiltak. Ordninga skal og hjelpe dei bedriftene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane, det kan til dømes vere bedrifter innan reiseliv, arrangement eller serveringsnæring.
– Det er viktig at ein no når små og mellomstore bedrifter som ikkje har fått støtte frå andre ordningar. I denne runden er det heller ikkje spesifikke krav til prosjekt eller tiltak, berre at ein må dokumentere at bedrifta har hatt negativ utvikling på grunn av korona og smittevernstiltak, fortel kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune, Anne Sofie Sandvik.
Kommunane har i denne runden stor fridom til å tilpasse kva verksemd dei kan støtte uavhengig av den lokale situasjonen. Også i denne runden vil dei to kommunane samarbeide når dei går gjennom søknadar. Medvind24 Næringshage vil fungere som rådgjevar for dei som ynskjer å vite om dei er i posisjon til å søkje, eller som treng hjelp med den konkrete søknaden.