Ny teknologi gir betre læreeffekt 

Teknologiselskapet TERP utviklar dynamiske og interaktive lærebøker som aukar læreeffekten. Inkubator Validé Haugesundregionen er med på laget for å gjere selskapet investorklart, og har no også sjølv kome inn på eigarsida. 

 Av: Judith Sørhus Litlehamar 

Publisert: 07. desember 2017

Dei første ideane til dei nye digitale lærebøkene fekk Leiv Kåre Johannessen då han jobba ved Høgskolen Stord/Haugesund der han var ansvarleg for den maritime sertifikatutdanninga. Seinare fann han att dei same utfordringane då han underviste i maritim utdanning ved NTNU i Ålesund. 

- TERP står for teori, eksperimentering, refleksjon og praksis. Tanken er at ein skal ta pedagogiske verkemiddel inn i dei digitale læreverka, seier Leiv Kåre Johannessen, som saman med Magne V. Aarset står bak teknologiselskapet. Foto: Ellen Marie Hagevik/Medvind24.no

- Eg opplevde at mange hadde ei tilnærming til e-læring som noko som skulle erstatte tradisjonell undervisning. Idéen til TERP blei fødd då me utforska korleis teknologi kunne brukast til å stimulere læringsprosessen, gjennom å bruke teknologi som et supplement til undervisning, seier Johannessen som sjølv i fleire år jobba vekselvis i akademia og operativt om bord på tankskip. 

Interaktive lærebøker 

Leiv Kåre Johannessen og Magne V. Aarset står bak teknologiselskapet TERP som vart stifta i 2014. TERP står for teori, eksperimentering, refleksjon og praksis. TERP byggjer på to konsept: TERP Book og TERP Safety som begge har oppstått i grensesnittet mellom akademia og det private næringslivet. Tanken er at ein skal ta pedagogiske verkemiddel inn i dei digitale læreverka. Blant anna har mange av bøkene eit navigasjonsverktøy som er med på å personleggjere stoffet. 

Tradisjonelle bøker går også ut på dato. Når ein kjøper ei TERP-bok, blir den derimot gjort tilgjengeleg i eit personleg virtuelt bibliotek, der kan ein når som helst laste ned siste versjon av boka.

- Me tilpassar innhald for å stimulere læring og brukar teknologien i dei elektroniske bøkene våre. Dei er likevel ikkje e-bøker, men adaptive bøker (a-bok). Ei a-bok er eit navigasjonssystem for læring. Den identifiserer startposisjon, og tilpassar deretter innhaldet for å finne den raskaste ruta til kunnskap, fortel Johannessen. 

- Relevant startposisjon vil vere avhengig av behovet me avdekkar i det fagområdet som den enkelte boka handlar om. I ei statistikkbok me arbeider med, er kunnskapshol viktig. Me brukar difor testar for å kartlegge kunnskapshol hjå lesaren. Deretter blir det generert ei bok som adresserer kva du treng å arbeide med, fylgt opp av nye testar og tilbakemelding om din progresjon i arbeidet med å tette kunnskapshola.

 - Sjøfolk er ei viktig eksportvare frå Filippinene, likevel stryk 80 prosent av studentane som studerer maritime fag der. Me meiner våre læreverk kan vere med på å hjelpe fleire slik at dei gjennomfører utdanninga. Med vår digital distribusjon er det ikkje stor skilnad på å selje til Manilla eller Sandeid, slår Johannessen fast. 

Terp tilpassar innhald for å stimulere læring og brukar teknologien i elektroniske bøker. Det er likevel ikkje e-bøker, men adaptive bøker (a-bok).  Foto: Ellen Marie Hagevik/Medvind24.no

Tatt inn i inkubatorprogram

- Teknologien er interaktiv og tilpassa studenten sin profil, noko som gjer læresituasjonen meir motiverande og gir betre resultat. Denne løysinga er attraktiv både for lærebokforfattarar, fagansvarlege ved høgskular og for studentane, seier Åse Tveit Samdal hjå Validé Haugesundregionen

Inkubator Validé Haugesundregionen skal hjelpe gründerar og bedrifter som har gode forretningsidear med å utvikle ideane til lønnsame bedrifter. Då Leiv Kåre Johannessen hjå TERP tok kontakt med Validé vart han raskt kopla saman med mentor og IT-gründer Tor Ivar Våge. 

- Det siste halve året har me jobba med å spisse forretningsmodellen og gjere selskapet «investorklart», i tillegg har TERP delteke i eit akselerator-program via oss som blir kalla ITSA og som gjekk over tre månadar, fortel Samdal og viser til at dei som samarbeidspartnar for  Medvind24 Næringshagen har arrangert investorpresentasjon i Ølensvåg for potensielle investorar i Vindafjord. 

Søkjer investorar 

TERP treng no seks millionar i investorkapital, over halvparten er allereie i boks. Blant investorane er også Validé Haugesundregionen.

Terp har utan tvil eit stort vekstpotensial internasjonalt, og satsar på ei nisje som dei kjenner godt. Men ein treng kapital for å vekse raskt og ta ein sterk posisjon i denne marknaden. Det er ein god investeringsmoglegheit det no er opna for

- Terp har utan tvil eit stort vekstpotensial internasjonalt. Terp satsar på ei nisje som dei kjenner godt. Men ein treng kapital for å vekse raskt og ta ein sterk posisjon i denne marknaden. Det er ein god investeringsmoglegheit det no er opna for. Me har investert i selskapet, og vil framleis bidra med vår kompetanse. Alle selskap må følgja utviklinga i marknaden nøye, og justera forretningsmodell og utviklingsløp deretter, meiner Samdal. 

- Utviklinga i selskapet har skote fart etter at me fekk kontakt med Validé. Det var viktig for oss å kome inn i eit større miljø, og det er ein viktig føresetnad for å få på plass investorar. Å vere på jakt etter potensielle investorar er både krevjande og spanande. Det er og ei viktig kvalitetssikring av konseptet vårt, som gjer både oss og aktuelle investorar meir trygge på samarbeidet, meiner Johannessen som har god tru på at ein skal klare å nå målet på seks millionar. 

Han legg og vekt på at selskapet no er inne i ein spanande patent-prosess. 

Potensiale for vekst 

- Me har stort potensiale for å vidareutvikle dette til fleire næringar og undervisningsområde. Det er til dømes mange næringar som har behov for sertifisering, blant anna maritim næring og oljesektoren, meiner Johannessen som viser til at han alltid har hatt ein lidenskap for å skape, og meiner det er ei drivkraft i å kunne realisere ein draum. 

Til no har selskapet hausta gode tilbakemeldingar frå både studentar og lærarar. 

- Me løyser ofte læraren sitt problem sidan studentane blir meir aktive og ikkje minst fører dette til at fleire kjøper pensum-litteratur. Me hadde eit prosjekt i Tromsø i 2016 der det viste seg at åtte prosent av studentane kjøpte pensum-litteratur då ein brukte vanlege e-bøker som ikkje var interaktive. Då me lanserte såkalla a-bøker, med interaksjon kjøpte 100 prosent av studentane litteraturen, slår Johannessen fast.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details