Ny stilling og ny mann

Hos Nortura Sandeid kan du no få hjelp til formidling av livdyr. Per Landa er tilsett i den nyoppretta stillinga, og installerte seg på kontoret denne veka.

Livdyr er enkelt forklart dei beste dyra som bonden ikkje slaktar. Dei blir mellom anna nytta til avl for å bygga opp eigen besetning, eller dei kan seljast vidare til avl hos andre bønder. Livdyr kan og produserast for sal, som til dømes kalvar som blir selde til bønder som driv med rein kjøtproduksjon. 

Per Landa inngår i nettverket som formidlar i region vest. Frå før har dei tilsvarande stillingar på Forus, i Bergen og Førde. Då søknadsfristen gjekk ut for tre veker sidan, var det komen inn ikkje mindre enn 33 søknadar. 

- Dei alle fleste søkjarane var godt kvalifiserte, og mange av dei er og heimehøyrande i det vi kan kalla nærområdet til Nortura Sandeid, sier fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg. 

Blir å treffa tre dagar i veka 

Det er fleire grunnar til at stillinga vart oppretta. Først og fremst for å gjera det enklare for bøndene å både selja og skaffa seg livdyr. Rådgjeving vil og vera ein viktig del av jobben. I tillegg har produksjonen av slaktedyr auka dei seinare åra, og trongen for gode livdyr har dermed og auka. 

- Dette er ein spennande jobb, og eg ser verkeleg fram til å jobba tett saman med bøndene i distriktet vårt. Eg vil bli å treffa tre dagar i veka. Tirsdag og onsdag er bestemt, og fredag blir truleg den tredje dagen, seier Landa, som hadde sin andre dag på jobb då Medvind24.no var innom. 

Stillinga er i første omgang 60 prosent. Det passar Landa godt, for han driv og eigen gard i Blikrabygda. Han er utdanna agronom, og kjem til Nortura frå stillinga som reknskapsførar hos Tveit Regnskap

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details