- Sett i samband med utfordringane ved å investera i nye anlegg og samstundes driva butikk, er me nøgde med det økonomiske resultatet for 2016. Me har god vekst i produksjonen og i alle marknadar. Med dette fjorårsresultatet har me store forventningar til vidare vekst i 2017, seier konsernsjef Terje Wester i Fatland AS.
Totalt blei det investert for om lag 300 millionar kroner på Fatland-anlegga i fjor. Storparten av investeringa blei gjort ved anlegget i Ølen.
Driftsresultatet i 2016 hamna på same nivå som i 2015; 96 millionar kroner. Resultat før skatt kom på 82 millioner.
- Dette gir konsernet moglegheiter til å investera for ytterlegare vekst og framleis tilby produsentane dei beste prisane i marknaden for levering av dyr, skriv Fatland i ei pressemelding.
Fleire saker frå Fatland:
- Bøndene har fått betre prisar, samtundes som alle kundene også har nytt godt av Fatland-konsernets vekst og effektive drift. Kjøttbransjen er prega av låge marginar og resultatet for 2016 betyr ein resultatmargin på berre 1,8 prosent, heiter det vidare i meldinga frå konsernet.
I dag er Fatland den største privateigde kjøttbedrifta i Noreg med 620 tilsette, og avdelingar og slakteri i Ølen, Jæren, Oslo og Sandefjord.
- Me gler oss over auka marknadsandelar og auka omsetning også i 2016. Nye kundar, god produktutvikling, effektivisering og stor arbeidsinnsats i alle ledd frå bonde til butikk, bidrar til denne veksten, seier Wester.
Konsernsjef Wester blir også å høyra på Olalia 27. april. Der er han ein av headlinararne på næringslivskonferansen Næringsgiv, og vil gje publikum eit innblikk i den eventyrlege Fatland-historien.