Ny lyd-sjef i Etne

Torleif Helvik tar no over som dagleg leiar i ABC Studio etter Stig Morten Sørheim. - Dette er ein bransje der me stadig må tilpasse oss endringar, fortel Sørheim som har vore med sidan oppstarten i Etne.

ABC Studio er eit framhald av det som på 1980-talet var Lydloftet i Ølen. Då etnesbuen og lyddesignaren Stig Morten Sørheim hadde studert lyd i Oslo nokre år kom tanken om han skulle flytte heim igjen. I dag er ABC Studio blitt ein stødig lydleverandør i Etne som har sin marknad frå Stavanger, til Haugesund, Odda og Bergen. I ein heimekoseleg atmosfære i det gamle skulehuset inviterer dei både erfarne og nye artistar inn i ei musikalsk boble.

- Då eg flytta heim igjen slo me kreftene saman og flytta studioet frå Ølen til Etne, på den tida flytta og Nils Halleland til Etne så miljøet var i vekst. I november 2006 opna me dørene til ABC Studio i gamleskulen i Etne.

- Det har vore ei spanande utvikling, ikkje minst sidan både artistkvardagen og livet i studio-bransjen er i stadig utvikling. Spesielt har bransjen blitt utfordrande for artistane, platesalet er vekke og ein må nå posisjonere seg digitalt, fortel Sørheim og legg til at dei også må jobbe breiare og litt annleis enn før for å få inn prosjekt. Sørheim blir verande i ABC Studio, men får no frigjort ein del tid til prosjektarbeid.

Vamp i studio

Lyddesignar Torleif Helvik har også lang fartstid i ABC Studio sidan han kom til Etne i 2009.

- Etter det har eg jobba med resten av gjengen i studioet. Eg kjende dei og litt frå før, og hadde dei i tankane då me flytta og eg var på utsikt etter jobb. No gler eg meg til å vere med å utvikle dette vidare.

- Det er heilt fantastisk unikt med lydstudio i Etne, på ei anna side er det rimelegare drift og enklare i ei bygd enn i ein by. Sjølv om ein er avhengig av at artistar kjem tilreisande for å nytte seg av studioet, meiner Helvik.

Mange artistar, spesielt frå Haugalandet brukar tilbodet i Etne. Vamp er ein av artistane som både speler inn i studioet og som har med seg lyddesignar frå ABC ut på turne. Stig Morten Sørheim har fast plass på turnebussen deira og veit kor viktig det er at studioet har fleire bein å stå på.

- Me har heile tida prøvd å finne prosjekt som kan vere med å gjere oss til ein komplett lydleverandør, og ikkje berre eit studio. Me ynskjer å spele ei rolle for artisten frå dei tar kontakt første gongen og fram til musikken skal ut, meiner han og viser til at ABC har sitt eige publiseringsselskap som tidlegare jobba mykje med CD-produksjon, men som no kun distribuerer digitalt.

Fleire bein å stå på

Aktiviteten i og rundt studioet er nok til at fire personar kan leve av det. Men det krev at ein er kreativ og stadig er på jakt etter nye forretningsidear. Dei har og byrja med noko dei kallar Kompsession, der nye artistar kan kome i studioet for å spele inn, og ABC Studio tilbyr både musikarar, innspeling og hjelp med distribusjon.

- For oss er det og viktig at folk likar seg her, dei som er på jakt etter kvalitet kjem til eit studio, og veit kor viktig det er med kompetanse, meiner Helvik. Stig Morten legg til at dei håpar artistane får rom i studioet til å skape noko kreativt.

- Me ynskjer å legge til rette for låge skuldre og kreativitet, det viktigaste er at folk her kjenner på ein ro til å jobb. Me får mange tilbakemeldingar på at det er ein ok plass å vere, fortel Sørheim som sjølv også er musikar i tillegg til lydjobben.

Dei siste åra har ABC Studio utvikla seg med tanke på allsidig verksemd, i tillegg til innspeling i studio tilbyr dei lydtenester til konsertar, teater, artistar på turne, eller UKM for å nemne noko. Det sikrar varierte arbeidsdagar og ikkje minst god nok økonomi til at prosjektet går rundt. I 2017 fekk bedrifta pris som Årets gründer på arrangementet Næringsgiv. Med på laget i tillegg til Helvik og Sørheim er også Aleksander Vae Haaland, Kjetil Ulland, Wolfgang B. Ognøy, Nils Halleland og Odin Staveland.

Image

Her er kompsessionbandet og ein av artistane. F.v Rudolf Fredly, Vegard Fossum, artisten Oda Gard Hansen, Torbjørn Økland,  Lars Eirik Støle og Kjetil Ulland.

Optimistisk framtid

Helvik, Sørheim og resten av gjengen på ABC brenn for musikk, lydkvalitet og for at musikken skal nå flest mogleg. Dei ynskjer mest av alt at dei kan spele ei rolle slik at artistane lukkast ute i ein tøff marknad.

- Eg er veldig optimist for framtida, sjølv om eg ikkje legg skjul på at det har vore mykje arbeid i åra som ligg bak oss. Til tider kan det vere utfordrande, men det er det for alle som driv for seg sjølv, og no syns eg me er komne eit godt skritt lenger på vegen. Me har både kortsiktige og lengre planar på bordet, og gler oss. Eg trur det blir 15 nye år, minst, seier Sørheim.

Verken han eller Helvik klarer å dra fram ein drøymeartist dei skulle ynskt sto i studioet i Etne.

- Til det er lista for lang, seier Stig Morten og ler.

 

 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details