- Etter ein god prosess med fleire interessante søkjarar er me nå svært nøgd med å ha fått Nils Einar med på laget i Fikse Næringsforeing. Han skal få lov til å bli betre kjent med dei lokale bedriftene først, men han har eigenskapar me er sikker på vil bidra til å vidare utvikling av både oss som næringsforening og næringslivet me jobbar for, seier styreleiar Sindre Matre i ei pressemelding.
Steinstø har både ingeniør- og hotellhøgskule i utdanningsporteføljen og har leia både små og store selskap. Han kom frå stillinga som Vice President Global Sales med ansvar for 90 hotell i gruppa av First Hotels, X-Meetingpoint og Moxy X by Marriot
- Eg ser fram til å jobba med og for næringslivet i Etne og Vindafjord, som eg kjenner litt til frå før og har følgd på avstand i alle år. Eg er imponert over kva ein får til her, og gler meg til å bli med på vegen vidare, seier Nils Einar Steinstø.
Steinstø byrjar i stillinga 1. august.