I 2017 vart Skånevik Ølen Kraftlag SA (SØK) ein del av Haugaland Kraft, dermed var jobben som operatør og straumforsynar i konsesjonsområdet over. Boka som Sjur Tjelmeland no har skrive om den lokale krafthistoria gir eit innblikk i ei lang krafthistorie. Skånevik Ølen Kraftlag SA vart skipa i 1979 då kraftlaga i Skånevik og Ølen slo seg saman, men forteljinga om kraftutbygging og elektrisiitetsforsyning i bygdene startar mange ti-år før det. Boka skildrar krafthistoria frå tidleg i førre hundreår.
I boka møter ein framsynte personar, uredde initiativ og stor gjennomføringskraft, heiter det i bokomtalen. Det blir også lova eit innblikk i trange økonomiske kår, store naturgitte utfordringar og litt nabostrid.
Boka blir delt ut på biblioteket på Bjoa, Skånevik Blomster, Joker Vikebygd, Sjperlo og Coop Extra i Ølen, Circle K og Kiwi i Ølensvåg og Åkrafjordtunet. I dag er SØK også ein lokal støttespelar for friviljuge lag, organisasjonar, bygde- og næringsutvikling i gamle Skånevil Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde. Kvart år tildeler SØK Stiftinga midlar til lokale prosjekt og aktørar som driv med friviljug arbeid, både for born, ungdom og vaksne.