Pris for lærlinginnsatsen
Sivert Vestbø er lærling i Berge Sag Fagbygg og har nå fått prisen som Årets lærling under næringslivskonferansen på Olalia.
- Sivert skårar høgt på alle kriterier juryen har satt for prisen. Han får solide tilbakemeldingar frå lærebedrifta, fagleg leiar og kollegar som ein ressurs både fagleg og i arbeidsmiljøet. Han har gjort eit målbevist yrkesval og lagt ned stor arbeidsinnsats i opplæringa på skule, som har gjort at han møtte godt fagleg budd til læretida. Han held fram i same ånd som lærling noko som har ført til at han har gjort stor framgang i faget sitt og har allereie tidleg i læretida eit høgt fagleg nivå, meiner juryen om Sivert Vestbø.