Favo er Årets Gründer!
Selskapet bak infoskjermen.no fekk den gjeve prisen under Næringsgiv 2016. Vinnarane sjølve er på salsturnè hjå "söta bror", men sende ei videohelsing frå Sverige til Olalia.
- Tre kompiser med samme hobby samla seg om same forretningsidé i 2010. I 2015 har FAVO over 800 kundar og meir enn 1600 liveskjermar i heile Noreg. Infoskjermen.no gir titusenvis av nordmenn dagleg og oppdatert informasjon via eit blikkfang på tv-skjermen, heiter det i grunngjevinga frå juryen.
Favo har dei siste åra satsa internasjonalt, og var under prisutdelinga på forretningstur i Sverige, men sende ei videohelsing heim til fjells.
FAVO blei etablert i 2010, og er kanskje best kjent som infoskjermen.no. Infoskjermen.no sprang ut frå ein ide tre kameratar ved Lundaneset VGS fekk. Etterkvart skapte dei si eiga bedrift tufta på ideen om infoskjermar.
I dag har FAVO fire tilsette; to arbeider frå Ølensvåg, ein fra Tonstad og ei i Jerusalem. Dei har opplevd vekst dei siste åra, og nådde i november milepålen om 1000 kundar, ei auke på 25 % i 2015. FAVO satsar også internasjonalt under namnet pintomind.com. Dei har etablert seg i Sverige og England, og har ambisjoner om fleire land.
I juryen bak prisen er Arne Frøkedal, Grannar, Magne Christiansen, SR-bank, ordførar i Vindafjord kommune Ole Johan Vierdal og Rita Fridfeldt fra Medvind Næringshage.