Næringsgiv søker nye prisvinnarar

Send oss dine forslag til kandidatar for Årets gründer, Årets bedrift, Årets lærebedrift og Årets lærling.


Også dette året blir det prisdryss på Olalia, under Næringsgiv 27. april. Og juryen ønskjer dine forlag til nominasjonar. 

Til saman skal fire prisar delast ut. Bak prisane står arrangørar og sponsorar av konferansen på Olalia: Sparebank 1 SR-bank, Haugesund Sparebank, Etne Sparebank, Grannar, Medvind24 Næringshage og Fikse Næringsutvikling. 

Vinnar-trioen frå 2015: For årets bedrift MCE, styremedlem Lars Hovda (f.v), Gunnlaug Habbestad i Årets lærebedrift Westcon, og Årets gründer Terje Kristiansen, Utbjoa Armering og Sveis. Foto: Ellen Marie Hagevik

Desse skal kårast: 

Årets bedrift 

Prisen går til ein næringsaktør som har utmerka seg positivt innan til dømes lokal verdiskaping gjennom arbeidsplassar, kompetanseutvikling, resultatutvikling og omdøme for Vindafjord og/eller Etne kommune. 

Tidlegare vinnararar: 

Årets gründer 

Prisen skal gå til ein aktør som har etablert nyskapande bedrifter med verdiskapingspotensial og som har eller kan bidra til sysselsetjing. 

Tidlegare vinnarar: 

Årets lærebedrift 

Kandidatane til prisen må væra aktive lærebedrifter som har vore pådrivarar for lokal opplæring og ein ressurs for lærlingane. 

Tidlegare vinnarar: 

Sivert Vestbø saman med styreleiar i Fikse Næringsutviklling Frode Robberstad (t.v) og klokkedesignar Rune Bruvik (t.h). Bruvik sto bak klokka som Vestbø fekk med prisen. Foto: Ellen Marie Hagevik


Årets lærling 

Prisen skal gå til ein lærling som har lagt ned stor arbeidsinnsats i opplæringa på skule og på læreplassen, og som har utmerka som  god kollega og fagperson. 

Prisen, som blei delt ut for første gong i fjor, gjekk då til lærling Sivert Vestbø hjå Berge Sag.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details