Snart fullt hus på Olalia
Ei veke før det brakar laus, er det nærast fullbooka til NæringsGIV 2016. Så om du vil få med deg årets næringslivshapening på Olalia 28. april, må du kasta deg rundt.
Det er kun 15 plassar att til NæringsGIV 2016.
- Vegen er snøfri, vêret skal i følgje meldingane vera i godlaget, og me satsar på å toppa stemningen frå i fjor, seier leiar i Fikse Næringsutvikling, Asbjørn Moe, som i samarbeid med Medvind Næringshage og Grannar står bak næringslivskonferansen på Olalia 28. april.
Forfattar, føredragshaldar og kommentator Elin Ørjasæter har allereie funne fram fjellskorne, og får godt selskap på Olalia.
Alt frå energi til kunstbransje står på talarlista under NæringsGiv 2016.
Eirik Gundegjerde, konserndirektør for smart utility og forretningsutvikling i Lyse, skal innleia om " Å endra medan ein kan og før ein må."
Konsernsjef Karl Johan Lier gir publikum heile Hatteland-historia "Frå Nedre Vats til installasjonar i 21 land – eit teknologieventyr."
Etne-kunstaren Jan Terje Rafdal krydrar programmet med eiga næringslivshistorie, om korleis han har bygd opp si ekspansive kunstverksemd frå galleriet i Etne.
Elin Ørjasæter har i mange år vore ein av dei fremste næringslivskommentatorane i landet, og vil mellom anna setja fokus på evna til omstilling og endringsvilje i norsk næringsliv. Ørjasæter har særskilt god kjennskap til mediebransjen, og vil truleg dra nokre parallellar til dei nye tidene media-Noreg har måtte innstilla seg etter.
Å snu seg i motvind
Tema for årets seminar er «Moglegheiter i motvind». Fagbiten vil fokusera på omstilling og nye vegar for næringslivet når marknaden buttar i mot.
- Me vil spegla variasjonen i det lokale og regionale næringslivet og ser fram til å formidla dei gode historiane frå fleire som har opplevd litt motvind på vegen mot endeleg næringssuksess, seier Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling.
- Mange opplever ein nervøs marknad og heller kjølig klima i mange bransjar i desse dagar. Konferansen skal på ingen måte vinklast mot det mange opplever som nedgangstider nå. Me vil heller vinkla programmet mot innovasjon, urørte moglegheiter, evne og vilje til omstilling, seier Moe.
- Me satsar på minst like god stemning som i fjor, seier Moe.
Kveldsøkt og næringsnachspiel
Som i fjor blir det også feiring av det lokale næringslivet, med prisdryss til årets bedrift, årets lærebedrift og årets gründer.
Fagdelen blir avslutta med fjellmiddag, og deretter blir det quiz og lettbeint underhaldning utover kvelden for dei som ønskjer å dra ut næringslivsfeiringa. Det blir også høve for overnatting.