- Vindafjord har lukkast med stammekultur

- Det er dei som vågar å setja seg hårete mål som lukkast. Om det så er å byggja verdas dyraste grisehus i ein barnehage, produsera betong i Murmansk eller selja arbeidshanskar i Dubai, meiner Ingebrigt Steen Jensen. På Olalia fann reklameguruen mange som passa i den kategorien. 

 Ingebrigt Steen Jensen er sikker i si sak. Ikkje kjenner han særleg til Vindafjord og Etne, men ein ting kunne han likevel skriva under på: Næringslivet her er unikt, og det finnest ytterst få stader som kan samanliknast i næringssamanheng. Og i eit slik miljø finn reklameguruen seg til rette. 

 - Det er så godt å vera blant folk som produserer noko. Blant folk som blir skitne på nevane og slitne etter arbeidsdagen. Dette finnest mest ikkje andre stader i landet lengre. Folk tilrettelegg og rådgir, konsulterer og evaluerer, men dei produserer ingenting! Produksjon blir nærast definert som umogleg i eit høgkostland som Noreg, men dei som har kompetanse på område, ein kompetanse som har vakse ut av gammal industri, dei får det til, slår Jensen fast. 

 

 Nyleg har han gitt dei hundre frammøtte på Næringsgiv 2015 oppskrifta på å lukkast i næringslivet. Ei kort, men ufråvikeleg trepunkts liste som alle velluka bedrifter har halde seg til, i følgje Jensen. 

 Så, kva gjer bedriftene som tar dei største stega og som endrar verda? - Alle bedrifter som har lukkast har halde fokus på tre ting, og der finn ein aldri ord som «avkastning», «synergi» eller «strategi». Eg er overtydd om at både Småfolk Barnehage, Ølen Betong, Grannar og Åkrafjordtunet har nokre av dei samme visjonane i grunn, innleia fotballentusiasten.

Slik følgjer ein Ingebrigt Steen Jensen si oppskrift på å lukkast: 

1. Spør dykk sjølv: Kvifor gjer me dette? 

Det første er ideologi. Kvifor gjer me dette og kva står me for? Det nyttar ikkje å ha eit mål om «å generere avkastning på investert kapital» , understrekar Jensen. 

- Tenk som Disney, som jobbar «to make people happy», eller Ikea som «vil gjøre hverdagen enklere for unge mennesker».  Ein må personifisera bedrifta og gå etter "gravsteinsmetoden": kva ville eg vore stolt av å ha å gravsteinen min? Ikkje at eg hadde "generert avkastning på invester kapital...". Men om det hadde stått at eg hadde "made people happy", derimot... 

Deretter må ein våga å tenkja stort. Ikkje bli hindra av den norske mentaliteten som er skeptisk til store målsetjingar, er neste bod frå Jensen. 

- Sett dykk hårete mål, om det så er å selja arbeidshanskar i Dubai eller betong i Russland. Kennedy lova å ha menneske på månen i løpet av eit tiår , og Henry Ford lova at alle amerikanarar skulle ha eigen bil då det enno berre var 50 bilar på vegane i USA. Kven hadde trudd at slikt faktisk skulle bli realitet? Det er ein svakhet blant nordmenn at ein ikkje likar store mål. Kven jubla då Statoil eller Telenor valde å satsa utanlands? Ingen. Nordmenn ville ha Statoil på norsk sokkel og Telenor heime i landet til «å ta telefonen» . Me treng dei som vågar å tenkja stort, poengterte Jensen. 

 2. Fortel ei god historie!

Deltakarane og føredraga på Olalia gav Jensen gode historiar frå eigne verksemder heile dagen, og desse historiane ligg det mykje god forretning i, skal me følgja hans suksess-strategi.

- De må fortelja ei god historie. Det er historien me kjøper. Eg fekk beint fram lyst å ha betongelement i hagen då eg høyrde Atle Berge fortelja frå verksemda i Murmansk! 

 3. Bygg stammekultur! 

- Bygg ein sterk kultur som tiltrekk seg og held på kompetansen - ein stammekultur.  Frikyrkjer og fotballklubbar har klart det. Dei har medlemmer som ikkje lar seg kjøpa. Bygg ein sterk kultur som trekk til seg og held på gode folk. Ta i mot dei som gode kunder av «butikken din», understreka Jensen . 

Han trekk fram eit døme frå ein publikummar under eit av sine siste føredrag;ein mann som nyleg hadde takka nei til toppjobb opg millionløn i eit internasjonalt konsern for å bli verande i ei mindre norsk bedrift han hadde arbeidd i over fleire tiår. 

- Mannen begrunna avgjerda med at «det er her eg har folka mine. Me snakkar same språk», fortel Jensen. 

 Vindafjordsk stammekultur 

Og det er særleg ved bruk av punkt nr. 3 at den gyldne mila i Vindafjord har vakse fram. Det er ved felles stammekultur og ei forståing av korleis næringslivet skal leva og utvikla seg at ein klarer å veksa. Slik vil også verksemdene kunna dela kunnskap og energi, meiner Jensen. 

- Eg veit som sagt lite om næringslivet her, men ein kan ikkje komma unna kulturbygging for å til det som ein har gjort i Vindafjord. Her har ein sikra langsiktig privat eigarskap, satsa på praktisk nyskaping og bygd eit gründermiljø. Kulturen rundt dette er noko dei alle forstår og noko som har bygd seg opp gjennom generasjonar. Dermed blir også dei unge gode på dette. Medan tekniske og industrielle fag ikkje har noko prestisje andre stader i landet, har det ei stor betydning her. Det er ikkje utdanning frå handelshøgskulen som har gjort næringslivet i Vindafjord mogleg, og det forstår alle her.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details