Stega til suksess

"Å ta det neste steget" var tema for dagen under Olalia-konferansen Næringsgiv 2015. Anette Lauareid Hovda og Atle Berge har stega langt med kvar sine bedrifter, og er begge klar for å ta nye store steg med Småfolk barnehage og Ølen Betong

Kari Aakra og  Torleif Heggebø

- Medan mange norske bedrifter har tatt eit steg tilbake og trekt verksemda si ut av Murmansk, har me valt å investera ytterlegare, trass ein vasnkeleg situasjon for utanlanske bedrifter i Russland, seier Atle Berge, generaldirektør i Ølen Betong Murmansk. 

Han innleia som den første lokale føredragshaldaren på Olalia, under næringslivskonferansen på torsdag. 

- Russland er eit stengt land og det kunne verka vanskeleg å ta for mange steg i utviklinga der oppe, men me satsa  på å byggja opp ein sterk organisasjon i Russland då me etablerte oss der i 2006. Den var på den tida mange store utbyggingsprosjekt innan olje- og gassindustrien som me sikta oss inn på, fleire av dei blei diverre ikkje gjennomførte. Likevel satsa me, og trass mykje motgang har me lukkast, fortel Berge. 

 

Sidan han tok dei første stega mot etablering i Russland for nærare 10 år sidan, har Berge vore gjennom ei rekkje rettsaker og arbeidd seg gjennom ein byråkratisk jungel for å byggja ei Russland-avdeling etter norsk Ølen Betong-standard. Han har vore gjennom  8 rettsaker, fått bilen sin sett fyr på, blitt arrestert fleire gonger og fått rakettskot gjennom kontoret.

- Me kan vel i grunnen vera glad for at me ikkje visste kva me gjekk til den gong,  seier Berge.

  I 2008 opna Ølen Betong si avdeling i Murmansk, og i dag leverer selskapet betongelement til Yamal LNG, eit av verdas største gassfelt,   som når er under utbygging i Sibir.

- Dette er den største enkeltkontrakten Ølen Betong nokon gong har fått. Med dette oppdraget vil me kunna betala tilbake alle investeringar me har gjort i Russland. 

Samstundes som produksjonen til Yamal LNG starta opp, byrja også den konkrete oppbygginga av Ølen Betong-anlegget i Russland. Til dags dato har Ølen Betong investert 150 millionar kroner i anlegget. 

- Me hadde ingen fasiliteter, og starta bygginga i det me fekk kontrakten. I dag har me 40 tilsette i Murmansk som produserer året rundt. Me har bygd opp ein produksjonhall på 3000 kvadratmeter, opna eige sandtak  og har nyleg utvida tomta vår for å kunna ekspandera ytterlegare. Me er inne i ein god periode og det er fleire gigant-prosjekt på trappene i regionen rundt Murmansk, som me satsar på å ta nye steg for å levera til i åra som kjem. 

Bevare deg vel

Småfolk barnehage har vakse seg til ein suksess gjennom 11 år - stundom med små steg, andre gonger med store steg.

- Og av og til har det stått heilt i stampe, vedgår eigar og dagleg leiar Anette Lauareid Hovda, og fortel om stor skepsis då ho og ein kollega frå Fjæra barnehage gjekk i forhandlingar med kommunen om å få etablera privat barnehage i gamle Grønstad skule.

- De må hugse at ein må tene pengar på det ein gjer, var motargumentet.

Med ein god porsjon pågangsmot og idealisme tok dei to kollegaane likevel på, og kunne opne dørane til Småfolk barnehage 2. august i 2004 for 18 born og fire tilsette. Med ordføraren til stades og eit nyplanta epletre som opningsgåve frå kommunen lova Hovda å bli på gamleskulen i all framtid.

Epletreet overlevde ikkje ungane si utforsking, og barnehagen har for lengst vakse ut av det gamle skulebygget på Grønstad. Småfolk barnehage flytta inn i eige bygg i 2008 som i dag rommar 81 barn og 24 vaksne. Med nytt tilbygg klart til innflytting i september får dei plass til 110 born og arbeidsplassar til minst 28 årsverk.

Hovda er stolt over det dei har fått til - det med rette. Andre har jubla over det Småfolk barnehage har fått til og lovprisar opplegget i barnehagen.

- Det er viktig å feira seg sjølv når det går bra, slik fotballspelarane gjer når dei skorar mål. Eg har ikkje kome så langt at eg strekker hendene i vêret og jublar frå kontoret mitt, men eg teiknar smilefjes når eg kjenner at eg har fått ting til, smiler ho. 

Bankoptimist blant krisedyrkere

- Det blir altfor mykje krisemaksimering, ytra banksjef Runar Skarstein i SR-Bank under sitt foredrag, og minna om dei mange "krisene" me har opplevd og overlevd i ikkje alt for fjern fortid.

- Me har vore ute en vinternatt før, og sjølv om me nok en gong er i inngongen til nye tider for oljeindustrien, så er det grunn til optimisme, legg Skarstein - som sjølv kallar seg ein bankoptimist mellom krisedyrkarar - til.

- Dei siste 25 åra har eg høyrt at endringstakten er høg, og i like mange år har me greidd å tilpassa oss, ytrar han og nemner fleire "bevis" på at det går godt for oss nordmenn.

- Me er blitt meir enn 600 000 fleire enn ved århundreskiftet. På same tid har brutto nasjonalprodukt dobla seg, statsbudsjettet er 3-4 gonger større og oljefondet har vakse frå tilnærma 0 til 5600 milliardar kroner.

Det einaste som såg ut til å skremme banksjefen ein smule var at private og bedrifter finn seg andre vegar å henta pengar til prosjekta sine frå enn i bankane.

- Framleis er det slik at "alle" vil ha bankkontor på heimstad sin, men færre går i dag i banken. Kommunikasjonsteknologien gjer at kundane finn nye vegar, også utanfor banksystemet, konstaterer banksjefen.

Han fryktar det han kalla Kodak-moment for bankane. Alle var tidlegare "avhengige" av Kodak då dei skulle ta bilda sine. Over natta gjorde teknologien Kodak meir eller mindre utdatert.

- Bankane har noko å lære der, meiner Skarstein, som ser faren ved at kundane takk vera kommunikasjonsteknologien kan henta pengar til prosjekta sine utanfor banksystemet. 

- Men verda kjem ikkje til å gå under denne gongen heller, avslutta bankoptimisten.



Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details