Til fjells med Ingebrigt Steen Jensen
Når næringslivsinteresserte i Etne og Vindafjord tar turen til til konferanse på Olalia 23.april, slår dei lag med både nasjonal og lokal næringslivskompetanse. Ingebrigt Steen Jensen og Atle Berge leiar an i både fjellmarsj og næringslivsdrøs.
Programmet for tidenes første
NæringsGIV – næringslivskonferanse for Etne og Vindafjord – er snart spikra, og føredragshaldarane er på plass. Under tema « Å ta det neste steget» har arrangørane i Fikse Næringsutvikling, Medvind Næringshage og Grannar sett saman eit allsidig team frå både nasjonal, regional og lokal næringsliv som skal fortelja om sine «neste-steg».
Frode Robberstad, styreformann i Fikse Næringsutvikling (t.v), dagleg leiar i Grannar Arve Skogen, og dagleg leiar i MEdvind Næringshage Rita Fridfelts er vertskap for NæringsGIV 2015. - Me trur Olalia er ei ramme for konferansen som vil setja ein ekstra spiss på arrangentet.
Regiondirektør i Sparebank 1 SR-bank, Runar Skarstein opnar ballet med sine spådommar kring framtidsutsiktene for næringslivet i regionen. Deretter tar reklamemann, fotballentusiast og forfattar Ingebrigt Steen Jensen over.
- Me er utruleg glad for at Ingebrigt Steen Jensen vil vera med oss på dette. Ikkje berre er han ein allsidig kar, med lang farttid frå både reklame, idrett og som forfattar, men han er også strålande føredragshaldar, som fengslar publikum kor enn han snakkar. Han har allereie varsla at dette vil bli årets føredrag, seier Asbjørn Moe i Fikse Nærinsgutvikling.
Ingebrigt Steen Jensen (privat foto)
Ingebrigt Steen Jensen er kjend som ein føregangsmann innan norsk reklamebransje, og har bygd opp nokre av landet sine største reklamebyrå og kommunikasjonshus. For mange er han gjerne best kjend som svoren Stabæk-tilhengjar, og som sentral mann i norsk toppfotball. Som forfattar har han gjort seg mest bemerka med boka Ona fyr, som var basert på ei rekkje foredag han hadde halde under same tittel. Ona fyr tek for seg korleis bedrifter og lag kan bli betre saman.
Frå privatbarnehagen
Småfolk i Etne kjem ein av grunnleggjarane, Anette Lauareid Hovda som følgde draumen om å starta eigen barnehage. Ho realiserte draumen med å starta eigen barnehage i leigde lokale i gamleskulen på Grønstad i Etne, med plass til 18 born og 3,6 årsverk. Deretter tok ho og med-gründer Anne Grethe Rullestad sit neste store steg og bygde eigen, moderne barnehage med vel 80 born og 20 tilsette. Og nå går dei med planlegg dei ytterlegare utviding.
Les meir om Småfolk-barnehage i Tempo, side 28 - 29.
Og næringslivet tar friluftslivets år på alvor.
NæringsGIV 2015
- Nærinsglivskonferanse av og for det lokale næringslivet i Etne og Vindafjord
- Blir arrangert på Olali-hytta 23.april, 2015
- Arrangørar er Fikse Næringsutvikling, Medvind Næringshage og Grannar
- Føredragshaldarar er Ingebrigt Steen Jensen, Atle Berge, Runar Skarstein og Anette Lauareid Hovda
- Tema for konseransen: "Å ta det neste steget"
- Påmelding via etnevindafjord.no
- Tema for dagen er «Å ta det neste steget», så kvifor ikkje ta steget til fjells? Me trur Olalia vil setja ein litt ekstra spiss på ramma rundt ein næringslivskonferanse som kanskje elles kunne blitt litt for stivsnippa enn det me ønskjer. Me reknar med at både stemninga, ideane, og diskusjonane vil byggja seg opp allereie frå avgangen på Opheim, seier leiar i Fikse Næringsutvikling, Asbjørn Moe.
Målgruppa er eit breitt næringsliv i dei to kommunane, og målsetjinga er å læra av einannan. Både dei små av dei store, og dei store av dei små.
Me håpar at erfaringar på tvers av aktørane, kan bidra til ytterlegare giv for vidare utvikling
- For mange nyetablerte grundarar og føretak i oppstartfasen kan det vera ei kneik å ta det neste steget, om det så er å tilsetja ein ny medarbeidar, etablera seg utanfor heimkommunen eller å satsa på nettsal. Det kan vera eit vel så stort steg for mange mindre verksemder, som det er for dei større å gå internasjonalt. Mange sentrale nærinsglivsaktørar har gjennom åra tatt steget ikkje berre ut av regionen, men også ut av landet, og ut av kjerneverksemda si med utvikling av nye produkt. Me håpar at erfaringar på tvers av aktørane, kan bidra til ytterlegare giv for vidare utvikling, fortel Moe.
Dagleg leiar i Fikse Næringsutvikling, Asbjørn Moe, har trua på inspirerande føredrag og friske debattar i løpet av konferansen. - Og så blir det sjølvsagt litt feiring etter den faglege biten.
Fag og feiring
Ideen om ein lokal næringslivskonferanse har modnast ei stund, og Moe håpar dette blir den første av mange.
- Med det rike næringslivet som finnest her, av både store landsdekkande og internasjonale aktørar, så vel som ferske gründerar og knopskytarar vil det vera nok av både inspirasjon, gode historiar og freske debattar i eit slikt fora me ønskjer å få til, påpeikar han.
For å unngå dei formelle rammene, og stivsnippa stemning byrja drodlinga rundt lokalitetane. Og kva betre for å sikra ei god atmosfære enn Olalihytta.
- Me vil invitera deltakarane til felles avgang til fots frå Opheim i god tid før konferansen startar. Vel framme blir det føredrag, underhaldning, felles bordsete med skreddarsydd meny og ei feiring med prisar til næringslivsaktørar som har utmerkt seg dei siste åra.
@Render("ArticleList", CssClass: "infobox text-center col-box col-xs-6 col-sm-6 col-md-3 col-lg-3", Tags: "siste", Display: "image title", TitleIsLink: "yes", MaxCount: "4")