MX Sport satsar på ny vår i Ølen Senter 

Dagleg leiar i MX Sport Etne, Ole Martin Grindheim, vonar på ein ny vår for sportsbutikken når dei i morgon opnar dørene i Ølen Senter. Det er jobba på spreng for å få butikken klar til opningsfesten. 

Dagleg leiar Ole Martin Grindheim og butikksjef Trine Rønning Byggstøyl (i front) har fått god hjelp av Morten Hornenes (bak t.v.), Arnt Lillesand og Trond Aase frå MX Sport-kjeda i klargjeringa av MX Sport Ølen. Foto: Torleif Heggebø

Med tilnærma gi-bort-prisar på turrelaterte varer inviterer butikksjef Trine Rønning Byggstøyl til opningsfest torsdag 3. november, i lokala som tidlegare hysa Hansen & Dysvik. 

- Lokala er mindre enn dei me hadde i Etne, men med litt komprimering og utnytting av god høgde under taket og litt utstillingsplass i gangen på utsida av butikken, så skal me få plass til det meste, seier Grindheim. 

Han kan fortelje om ei litt anna satsing i det som no blir MX Sport Ølen enn den dei har hatt i butikken i Etne dei siste åra. Syklar blir det mindre av, medan turfolket skal finne det meste dei treng til toppturar og vandring på turvegar og i fjellheimen. Ski og vinterutstyr har alt fått plass i butikken. 

Hektisk innspurt heilt til siste slutt. Folk frå MX Sport-kjeda var med for å gjera butikken i Ølen Senter klar til opningsfesten. Foto: Torleif Heggebø

- Me kjem truleg òg til å kome med spesialtilbod til idrettslaga i kommunen. Dei har vore flinke til å bruke oss tidlegare, og med gode pakkeløysingar vonar eg på eit godt samarbeid i åra som kjem. Det skal kome idrettslaga i Vindafjord til gode når medlemene handlar hos oss, seier Grindheim, som vonar på synergieffekt med dei andre butikkane i senteret, og at effekten skal slå positivt ut begge vegar. 

Ny butikksjef 

Butikksjef Byggstøyl blir med til Ølen, men berre for ein månad. Deretter ventar ny jobb i heimbygda Etne. Tre deltidstilsette har òg fått tilbod om å bli med på flyttelasset til nabobygda. 

- Mange interesserte melde seg då stillinga vart utlyst, og sist veke hadde me fem vindafjordingar inne til intervju. Me var ute etter ein sporty og sportsinteressert type, ein engasjert drivar med kremmarånd, og som helst kunne starte på kort varsel. Ingen av søkarane hadde erfaring frå sportsbutikk, men det mangla ikkje på butikk- og leiarerfaring. Etter intervjua sat me att med to gode kandidatar der den første får tilbod om tilsetjing denne veka, fortel Grindheim. 

Han ser ikkje bort frå at han òg kan koma til å overlata roret som dagleg leiar til den nye butikksjefen. Grindheim held fram på eigarsida med sine 40 prosent. Hovudaksjonær er firmaet som står bak MX-kjeda, T. Fjelland & Co frå Stavanger, med 50,2 prosent. Resten av aksjane er eigd av Jon Sigve Olsen.

Tunge år 

- Det er ikkje til å kome bort frå at dei siste åra har vore tunge for sportsbutikken på kaien i Etne, der me har halde til i om lag 35 år – like lenge som sportskjeda MX Sport har eksistert. Ledige lokale i Ølen Senter og gode kunderelasjonar til idrettslaga i Vindafjord er gode argument for å satsa på eit nytt liv på andre sida av Fikse, fortel Grindheim. 

Enn så lenge står det no eit 400 kvadratmeter stort butikklokale ledig i kjellaren på det som i si tid var handelshuset Etne Forbruksforening. 

- Når me har fått rydda ut etter MX Sport-butikken, så lyser me det ledige for utleige, fortel Grindheim.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details