Krisepakke til private barnehagar

I dag blei det klart at staten opprettheld støtta til private barnehagar sjølv om dei er stengde, og at dei kompenserer for tapt foreldrebetaling, både i private og offentlege barnehagar. Dagleg leiar i Småfolk barnehage, Anette Lauareid Hovda, er glad utfallet blei slik.


Før helga lova regjeringa at foreldre skulle få redusert betaling i SFO og barnehage sidan begge deler no er stengt ned for ein periode. Samstundes kom det lovnadar om krisepakke til kommunar for å kompensere for lågare inntening. Så langt har det vore stilt angåande situasjonen til private barnehagar, men i dag kom gladmeldinga. Samtalar mellom Private Barnehagers Landsforbund (PBL) og kunnskapsminister Guri Melby ( V) gav resultat. 


Avgjerande møte

I Vindafjord og Etne er det fire private barnehagar, ein av dei er Småfolk barnehage i Etne. I Småfolk har dei 33 tilsette og 97 barn fordelt på 10 grupper. Lauareid Hovda er letta over avgjersla frå i dag.

- Det er eit lyspunkt i ei ellers så utfordrande tid. Eg er glad at eg slepp permittera mine tilsette. Og sjølvsagt at foreldra slepp å betale for eit tilbod dei ikkje får nytte seg av, fortel ho.

- Kostnadane i barnehagen løper sjølv om dørene er stengt, så dette var særs viktig for at me no skal klara å halda ein viss økonomisk og forutsigbar stabilitet, meiner ho.

- Det var veldig bra at dette kom på plass. Det tryggar både tilsette og arbeidsgjevar, meiner ordførar i Etne kommune, Mette Heidi Ekrheim (Sp)

Viktig avklaring

Viseadministrerande direktør i PBL, Jørn-Tommy Schjelderup, fortalde at organisasjonen har hatt positiv dialog med departementet gjennom helga, og var tidlegare i dag optimist med tanke på at situasjonen skulle løyse seg. Noko som skulle vise seg å også bli resultatet.

-Dette er særs viktige avklaringar og veldig gledeleg. Barnehagane får arbeidsro til å kunne gjere ein veldig viktig jobb for samfunnet i denne kritiske situasjonen. Dei tilsette får tryggleik for at dei ikkje vil bli permitterte. Og foreldra får fritak frå foreldrebetaling i ein situasjon som for mange blir opplevd som veldig krevjande, seier administrerende direktør Anne Lindboe i PBL.

PBL har 1.920 medlemsbarnehagar med om lag 30.000 tilsette. Det betyr at nesten ein av tre barnehagar i Noreg, uavhengig av om den er privat eller kommunal, er ein PBL-barnehage.


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details