På jobben: Med interesse for bil

Etter to år med vidaregåande utdanning med spesialisering innan kjøretøy er Eirin Mandt Gardsteig (18) på plass som lærling hjå Etne Bilservice.

Kvar kjem du frå?

Åmot i Vinje.

Korleis fekk du denne lærlingplassen?

Eg var utplassert her i to veker og fekk tilbod om lærlingplass etter det. Eg ville gjerne til Etne for utplassering då kjærasten min kjem frå Skånevik. Eg fekk kjennskap til Etne Bilservice via kjentfolk og stakk innom bedrifta ein gong eg var i bygda. Då fekk eg tilbod om å koma på utplassering.

Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Bil har alltid vore ei interesse for meg.  Eg var lenge usikker på kva utdanning eg skulle velja, men dei siste tre åra har eg vore sikker på at eg ville jobba som bilmekanikar.

Kva arbeidserfaring hadde du frå før?

Eg har ikkje anna arbeidserfaring innan mekanikarfaget enn det me har lærd på skule. Eg har jo hatt sommarjobbar tidligare, men det har vore innan andre bransjar.

Kvar i utdanningsløpet ditt er du nå?

Nå held eg på med fyrste av to år som lærling og har vore her hjå Etne Bilservice i eit halvt år.

Beskriv ein typisk arbeidsdag:

Her byrjar me arbeidsdagen kl 8. Det fyrste me gjer er å sjå over alle ordrar som ligg inne for dagen og då finn eg ut kva som er mitt ansvar. Då er det ført opp kva klokkeslett eg skal byrje med dei ulike bilane, så gjeld det å prøve å halde seg til den tida som er estimert.
Dette kan fort endre seg i løpet av dagen. Ein dag kan eg berre vera satt opp på ein bil, men endar opp med å arbeide med fire. Nokon gonger tek ein jobb mykje lenger tid enn berekna og andre gonger må me hjelpe kvarandre.

Hjå oss er me to lærlingar og me jobbar mykje sjølvstending, men kan alltid spørje alle dei andre om hjelp om det er noko me lurer på.

Kva har du lært om jobben som du ikkje visste frå før?

Ein ting har eg i alle fall lærd, og det er at ting kan ta mykje lenger tid enn ein trur. Det er viktig å  lære seg å vera tolmodig som bilmekanikar.

 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details