Lagar unike møblar

Gustav Rugtveit driv Kvisten Snekkerverksted i Skjold og produsere møblar som passar perfekt inn der dei er tenkt å stå. Sjølv drøymer han om å lage sin versjon av den legendariske hestevogna Stash Coach Transports i ekte westernstil.


- Eg trur eg er ganske kreativ. Det må ein vere for å halde på med dette, seier Gustav Rugtveit. 

64-åringen viser fram lokala til Kvisten Snekkerverksted som han leiger av Kalstveit & Vik i Skjold. Rugtveit er pensjonist, og driv snikkerverkstaden mest for å ha noko å gå til i kvardagen. Og ikkje minst for å kunne glede alle kundane som får problema sine løyste på den vesle verkstaden. Her kan ein få spesiallaga hagebenker, baderomsinnreiing, senger eller skåp. Alt tilpassa rommet det skal stå i. 

- Eg er oppteken av at kundane skal bli hundre prosent nøgde. Eg gir meg ikkje før dei er det. For små verksemder som dette trur eg kundekontakten og servicen betyr alt. Me er avhengig av nøgde kundar som fortel andre om oss. Eg brukar nesten ikkje pengar på marknadsføring, men stoler på jungeltelegrafen, slår Rugtveit fast. 

Kjem med både teikingar og idear

Han har både kundar som kjem inn dørene med ferdige teikningar av det dei treng, eller dei som berre har ein idé om korleis møbelet skal sjå ut. 

- Så lenge eg har korrekte mål å arbeide etter er det heilt greitt om ein ikkje har konkrete teikningar. Me finn som regel ut av det, meiner han. 

Nokre jobbar hugsar han betre enn andre. Til dømes den gongen han fekk bestilling på ein hylleseksjon som skulle huse ei større LP-samling i ei leilegheit i Stavanger. Hylla skulle vere 3,70 meter brei og 2,40 meter høg. 

- Då var eg nervøs, for den måtte passe heilt perfekt, seier Rugtveit, og minnes at han pusta letta ut då sonen, som monterte hylla, ringde for å fortelje at hylla var komen på plass. 

Han har også innreia ei hytte i Suldal med møblar i eik. Noko som også var eit nøyaktig prosjekt der alt måtte stemme på millimeteren. 

Blir fort kjedeleg med A4-prosjekt

- Eg likar utfordringar, så det passar meg fint. Det blir fort kjedeleg om det er eit A4-prosjekt. Samstundes er det alltid litt enklare om kunden har med seg teikningar. Me har allslags kundar. Som regel har dei det til felles at dei har leita etter eit møbel dei ikkje har funne på IKEA eller andre kjedebutikkar. Då kjem dei her for å få noko som passar inn, fortel Rugtveit, som kan levere det aller meste av møblar i alle typar treverk. 

Rugtveit har snekkerarbeid i blodet med ein far som også var snekker. Og han kjem frå ei slekt full av bønder som var flinke med hendene og både laga og reparerte det dei måtte av reiskapar. Sjølv meiner han at han har arva gleda av å skape noko i tre, og ikkje minst lysten til å finne dei gode og smarte løysingane. 


Det heile starta på roteloftet på Kalveland midt på 1970-talet der Rugtveit dreide små skåler og fat. Han dreiv gard på Kalveland med mjølk- og kjøtproduksjon fram til 2000. Då selde han og kona garden, og Rugtveit fekk jobb som gravemaskinsjåfør på lastebåt. Livet som bonde vart for krevjande. 

Måtte ha større lokale

- Me ville ha meir fritid, og så sit ein ikkje igjen med så mykje økonomisk. Me såg at inntektene våre var uendra, medan dei fleste andre fekk det betre. Då tok me eit val, og selde garden til ein me kjende som me visste ville ta vare på garden på ein god måte. 

Arbeidstida på båt, med ein månad på og ein månad heime gav rom for mykje fritid. Det vart innreia for snekkerarbeid i garasjen i Haraldseidvågen, der det blei laga smykkeskrin, kulepennar og anna småarbeid. Etter kvart vart det trong for større plass. Rugtveit fekk god dialog med dåverande leiar i Skjold Døren om leige av større lokaler. Det betydde at han kunne produsere større møblar, som blant anna dører, garderobeskåp og bord. 

- I denne perioden vart det også produsert spesialdeler til Skjold Døren AS, som vart vesentlege for verksemda, fortel Rugtveit. 

Då Skjold Døren AS gjekk konkurs, blei det inngått avtale med bank og eigedomsselskap om leige av produksjonslokale for å prøve å få dørproduksjonen på beina igjen. Dette heldt fram til eigedommen skifta eigar. I dag er Rugtveit glad for at det vart som det vart. 

Draumen er ei westerninspirert hestevogn

- Eg gjer ikkje dette for å tene pengar. Eg tar ikkje ut lønn ein gong, men en eg må selje såpass at eg kan betale utgifter og investere i maskiner eg treng. Salet går opp og ned, fortel han. 

Arbeidsdagane startar tidleg. I sjutida er han stort sett på plass i verkstaden. Utpå ettermiddagen tar han turen heim for å lage middag til kona, før han gjerne tar ein tur på jobb om kvelden. Motivasjonen er heile tida å lage endå betre produkt for kundane. Gjennom alle desse åra kan han ikkje hugse at ein jobb har blitt for vanskeleg. Som regel har han klart å finne ei løysing som kunden er nøgd med. 

- Er det noko du framleis drøymer om å byggje, som du ikkje har fått gjort? 

- Eg skulle gjerne fått nok fritid til å skape mi eiga westerninspirert hestevogn. Det hadde vore noko, seier Gustav Rugtveit, men han må rydde i ganske fulle ordrebøker før westerndraumen kan bli realitet. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details