KVA?

Kvinnedag Vingeslag og Arbeidslag (KVA) er tittelen på samarbeidsprosjektet til Vindafjord Bibliotek, Vindafjord Arbeidsgiverforum og Medvind Næringshage, då dei første veka i mars inviterer til ei rekke arrangement og byr på ulike aktivitetar i samband med kvinnedagen 2020.

Både bokbad, tech-inspirert morgon, kodekveld og rapport om den lokale ståa står på programmet den første veka i mars.

- I år ønskja me gå fleire saman om å arrangere noko rundt kvinnedagen, og me ville rette spesielt fokus mot dei tekniske moglegheitene og få fram både behovet for arbeidskraft innan området, spesielt her lokalt og det overordna perspektivet med kvinner innan faget, fortel Guri L. Ravatn i Vindafjord Bibliotek. Saman med dagleg leiar i Vindafjord Arbeidsgivarforum (VAF) Merete Vårvik Matre fekk dei utarbeida eit variert program som dei håpar vil trigga fleire. 

Kvinnedag, Vingeslag og Arbeidslag (KVA)

  • Måndag 2. mars: Bokbad med forfattar Sigrid Sollund i samtale med Marianne Losnegård på Sjøperlo. Temaet er bøkene Hersketeknikkar og Skikk og Bruk. Sjå Facebook-arrangementet her. 
  • Tysdag 3. mars: Tech-morgon for jenter i 9. og 10. klasse i Ølen på Sjøperlo. 
  • Onsdag 4. mars: Rapport om mangfaldet i næringslivet i Etne og Vindafjord v/Medvind Næringshage. Publiseres på medvind24.no.
  • Torsdag 5. mars: Koding for jenter. Gratisarrangement på Sjøperlo frå kl. 17- 19. Aldersgrense 10 år. Sjå Facebook-arrangementet her. 
  • Søndag 8. mars: Ny episode av podkasten Vindkast som tek for seg temaet Kvinnedag, Vingeslag og Arbeidslag (KVA). Episoden kan for eksempel høyrast på Spotify, og er tilgjengeleg på dei vanlegaste podkast-appane. 

- Det at me har forskjellige arrangement utover veka håpar me vil gi moglegheiter for mange. Me vil bruke denne veka til å gjere vår vri på 8. mars-toget og setje søkelys på arbeidslivet, kultur og moglegheiter, legg Ravatn til. 

Image
Måndag 2. mars er det bokbad med forfatter Sigrid Sollund i samtale med Marianne Losnegård på Sjøperlo i Ølen. Sollund har skrive bøkene Hersketeknikker og Skikk & Bruk, begge desse vil vere tema i bokbadet.

Det første arrangementet startar på måndagen 2. mars med bokbad med forfatter Sigrid Sollund i samtale med Marianne Losnegård på Sjøperlo i Ølen. Sollund har skrive bøkene Hersketeknikker og Skikk & Bruk, begge desse vil vere tema i bokbadet. Deretter følger fleire tech-inspirerte arrangement.      

- Denne veka handlar om bevisstgjering og fokus. Sjølv om me er langt på veg i kvinnesaka er det framleis viktige steg å gå. Difor er det kjekt at me lokalt kan få til tilbod og aktivitetar saman, seier Vårvik Matre. 



Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details