- Større bedrifter har ofte eigne folk i stillingar innanfor HMS og økonomi, me i mindre bedrifter må kunne litt av alt. Ein del er oppfrisking av tema eg har lært om før i andre settingar, men det er alltid godt å gå gjennom på ny, seier kursdeltakar Bjørg Haraldsen Bakke som driv Ølen Blomster ved Ølen Senter. Ho legg til at samlingane gir samla sett ei betre forståing for bedriftsøkonomi.
Småbedriftsskulen
- Kurset er eit samarbeid mellom Vindafjord Arbeidsgivarforum og AOF Haugaland
- Tema dei er innom er blant anna HMS og Økonomi
- Kurset går over 13 samlingar ved Medvind Næringshage i Ølensvåg
- Les meir om kurset her
- Kurset gir basiskompetanse for folk i arbeidslivet, og rustar dei til å følgje utviklinga i samfunnet. I kurset om småbedriftsskulen knyt me alt opp mot matematikk og bedriftsøkonomi. I dag har me temaet HMS, og me skal sjå på å knyte opp statistikk og kost-nytte perspektiv mot opplæring, tiltak og investeringar, fortel kursholdar Hans Arne Magnussen frå Sapio som er kurshaldar.
Bedrifter frå fleire yrker og sektorar er med i denne runden av småbedriftsskulen. Her finn ein representantar frå entreprenørbransjen, bygg og anlegg, gravferdsbyrå, frisør, blomsterbutikk, feiar, og reparatør av plenklipparar.
- Det er ein god måte for folk å bygge kunnskap etter fleire år i arbeidslivet. Her får dei både teknisk og sosial utvikling.