Kronikk: Kva vil Vindafjord SV gjere for næringslivet i Vindafjord?


Næringslivet i Vindafjord er mangfaldig, Vindafjord har fantastisk mange ulike næringar og arbeidsplassar. Her er stort spenn, frå garden med tilleggsinntekt frå småskalasauehald - til storindustri og konsern med hundre- og tusenvis tilsette. Eit utruleg mangfald! Og, næringslivet vårt har utmerka seg med å spela på lag med innbyggarane og kommunen, gjennom løyvingar frå VAF og ved å vera ein aktiv aktør – også i samfunnsutviklinga. Her er eit godt grunnlag for vidare samarbeid. 


Guri L. Ravatn, førstekandidat for Vindafjord SV. Foto: Vindafjord SV.

SV – miljø- og næringsparti

I politikk må ein ta ulike omsyn og prioritera. Hovudsaker for SV er: «Framtid – ikkje forureining» og «Menneske- ikkje marknad». Omsynet til klima/miljø er overordna og må samordnast med folk sine ynskje og behov for eit verdig liv. Eit element i eit verdig liv er å ha arbeid og eiga inntekt. Og, kva skal me leva av dersom jorda ikkje vert dyrka, fisken ikkje vert fiska, butikkane stenger, arbeidsplassar vert lagd ned? Då blir det gjengrodde bygder, hus utan lys, fråflytting og manglande framtidsvon. Slik vil ikkje SV ha det. Me vil ha levande bygder!

Vindafjord kommunen som samfunns- og næringsutviklar

Samfunnsutvikling er eit av kommunen sine ansvarsområde, her inngår næringsutvikling og service til dei som vil etablera seg og driva. Kommunen kjøper si «førstelineteneste» frå Medvind. Dette har sine fordeler og ulemper. Fordelen er stor for den som søker hjelp. Medvind har kompetanse og kan hjelpa dei det gjeld framover i dei ulike systema, regelverk og støtteordningar.

Samstundes kan ein tenka seg at Vindafjord kommune på den måten «lener seg tilbake», ikkje engasjerer seg, men støttar seg fullt ut på Medvind. Korleis dialogen mellom politisk og administrativ leiing og Medvind er i dag, veit eg ikkje, men i framtida må denne vera systematisk, avklart og avtalt.

«Vakre Vindafjord»; bu og arbeida!

Vindafjord kommune har «attraktivitets»-prosjektet, «Vakre Vindafjord». Målsetjinga er auka busetjing i kommunen. Innbyggarar gjev inntekter! Tilgang til arbeid er like viktig som bustad, barnehageplass, fritidstilbod osb. Her er eit opplagt samarbeidområde mellom kommune og næringsliv, også framover. Medvind vert nytta også i dette arbeidet.

Kva kan me gjera i lag?

Utfordringar partia har fått er kva me vil gjera for næringslivet i Vindafjord. Det lar seg ikkje svara på, utan å stilla - og svara på spørsmålet: Kva kan næringsliv og kommune gjera i lag for å skapa attraktivitet og bygdeutvikling? Me kjem ingen veg utan dialog! Om det ikkje finnes i dag, må det etablerast samarbeidsforum og rutinar for m.a. å nytta næringslivet sin kompetanse som høyringsinstans og medspelar i plansaker og næringsrelaterte saker.

SV sin plattform for næringsutvikling:

Nyskaping og endringar må vera klimavenlege og ikkje auka klimagassutslepp. Dette er overordna! I tillegg vil me prioritera:

  • Samarbeidsforum mellom næringsliv og administrativ og politisk leiing
  • å framleis nytta Medvind som kommunen si førstelineteneste
  • Utbygging av breiband til alle innbyggarar
  • Pressa på fylkes- og rikspolitikarar for gul stripe - og vel så det- på RV 46/ E-134
  • Tilstrekkeleg areal for etablering og utvikling
  • Eit arbeidsliv utan arbeidslivskriminalitet og sosial dumping
  • Arbeidsmiljølova og reglar for samarbeid i arbeidslivet
  • Auka tal lærlingar i kommunen og oppmoda bedrifter om å gjera det same.
  • Integrering og tilrettelegging for språkpraksis og arbeidspraksis i kommunen og i private bedrifter
  • Styrking og stimulering av samarbeid mellom vidaregåande opplæring, næringsliv og kommune
  • Eit kompetent og serviceinnstilt landbrukskontor
  • Jordvern
  • Kommunale velferdsoppgåver skal utførast av kommunalt tilsette, ikkje private


Guri L. Ravatn, førstekandidat for Vindafjord SV

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details