Kronikk: Kva vil Vindafjord Fremskrittsparti gjere for næringslivet i Vindafjord?


For Fremskrittspartiet er næringslivet og tilrettelegging for verdiskaping særdeles viktig. Vi har eit fantastisk næringsliv i vår kommune og det må vi legge til rette for at vi også har framover. Å legge til rette for nye verksemder vil vi absolutt gjer, men vi vil heller ikkje gløyme viktigheita av dei som er der i dag. FrP vil også lytte til næringslivet og arbeide for å etablere gode møteplassar mellom kommune og næringsliv.

Mats Årvik, førstekandidat Vindafjord FrP. Foto: Vindafjord FrP.

Eg trur infrastruktur er heilt avgjerande for at Vindafjord bedriftene skal lykkast. Vi treng gode veier som gjer transport enkelt og kostnadseffektivt. Med gode veier kan vi frakta både folk og varer effektivt. Difor kjem vi i Vindafjord FrP til jobbe for at E134 blir hovudveg mellom Vest og Øst. 

Å sikre offentleg infrastruktur som breiband, mobildekning og nok kraft til næringslivet er viktig. Vi vil også regulere næringsområder i samarbeid med næringslivet der det er ønskeleg med etableringar. Bedriftene er avhengig av godt breiband og mobildekning og vi må sørge for at dette er tilgjengeleg i kommunen.

Ein stor utfordring for næringslivet i vår kommune er å rekruttere folk. Vi kan tilby mange spennande arbeidsplassar innan mange disiplinar, men det kan sjå ut til at det ikkje er like spennande å busette seg i Vindafjord. Difor må Vindafjord kommune jobbe for at det blir meir attraktivt å busette seg her. Vi må sørge for at det er tilgjengelege store attraktive tomter, og god tilgang for alle som ønsker å bruke stranda og sjøen.

Vi må ha ein god skule, som gir barn gode og trygge læringsmoglegheiter. Vi ønsker å etablere eit større samarbeid mellom den vidaregåande skulen og næringslivet. Vi har ei flott lærlingordning i Rogaland som vi må bevare og betra samarbeid for å få på plass linjer på skulen som næringslivet etterspør.

Vindafjord kommune sliter med svært dårleg økonomi for tida. Vi i FrP meiner det då er ekstra viktig å passe på at næringslivet blir godt i varetatt. Dette er ikkje tida for å belaste næringslivet med meir avgifter og skattar, men heller sørge for at næringslivet får gode vilkår. Slik at nye verdiar og arbeidsplassar kan skapast, og slik generer meir inntekter til kommunen. FrP kjem også til å jobbe for å redusere eigedomskatten, med sikte på å fjerne den heilt, for å skape endå betre vilkår for næringslivet.

Mats Årvik, Førstekandidat Vindafjord FrP

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details