Blod, svette og ein doktorgrad

- Det er på tide å setja fokus på arbeidsgivarsida heller enn arbeidssøkarane om me skal sikra høgare sysselsetjing i Noreg, meiner ølensbu, arbeidsmarknadsekspert og fersk ph.d Kristian Heggebø. 27. april er han å møta på Olalia.

16. desember var doktorgraden i hamn for Kristian Heggebø. 27. april kjem han til Olalia og skal dela sine refleksjonar kring næringsliv og arbeidsmarknad med publikum på Næringsgiv. Foto: Sonja Balci/  HiOA

Tittel for årets Næringsgiv er «Blod, svette og klampen i bånn». Den raude tråden er korleis norsk næringsliv og arbeidsmarknad skal klara å kara seg ut frå ei krisetid og arbeida for ny vekst. 

Og 28-åringen frå Ølen er ferskaste headliner på konferanseplakaten..

Sidan Heggebø starta på sosiologistudiet ved Universitetet i Stavanger i 2007, har han fordjupa seg i norsk arbeidsmarknad, utdannings- og helsesosiologi, arbeidsløyse og sosial lagdeling. 

- Masteroppgåva mi var langt på veg lokalt forankra, der eg undersøkte utdanningsplanar blant 10. klassingar i Etne og Vindafjord. Eg gjorde tydelegvis eit greitt inntrykk med den oppgåva, og blei tilbudd ei stilling som vitskapeleg assistent ved institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo etterpå, fortel Heggebø. 

16. desember toppa han utdannings- og yrkesløpet sitt med å forsvara doktorgraden «Hiring, Firing, and Health: A Cross-National Comparative Perspective» . I dag arbeider Heggebø som forskar på Velferdsinstituttet NOVA ved Høgskolen i Oslo og Akerhus.

Ser seg blinde på CV-ar

- I Noreg er det eit stort fokus på korleis me skal oppnå høgast mogleg sysselsetjing, men me har ein lang veg å gå på dette området. Det er på tida at me rettar fokus på arbeidsgivarane i staden for arbeidstakar, seier Heggebø.

Her trur Heggebø arbeidsgivarsida sitt møte med potensielt nye tilsette kan vera ein nøkkel. Mange arbeidsgivarar ser seg blinde på CV-ar og formell utdanningskompetanse, meiner han. 

Og det er på ingen måte noko sjølvsagt samanfall mellom utdanningsnivå og produktivitet på norske arbeidsplassar. 

- Me er i ferd med  å nærma oss eit punkt der utdanningsnivået kanskje er blitt for høgt, og eg trur mange arbeidsgivarar ikkje klarer å sjå om potensielle arbeidstakarar faktisk evnar den jobben dei er tiltenkt. Mange av oppgåvene ein gjer på arbeidsplassar landet over, kan ein ikkje gjera utan å faktisk ha kjennskap til det som skjer på golvet. Ein må ofte ha arbeidd i felten for å kunna gjera kontorarbeidet som høyrer til, meiner han. 

Engasjerer publikum

 Med solid fagleg bagasje i tursekken er altså Heggebø meir enn klar for å dra Olalia-publikummet med på å løysa utfordringane norsk arbeidsmarknad står overfor i dag. 

 - Det blir nok ikkje eit «tradisjonelt føredrag», eg likar best å få publikum med i diskusjonen og utfordra tilhøyrarane mine undervegs, seier han. 


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details