Optimisme i næringslivet

Konjukturbarometeret til Sparebank 1 SR-Bank vitnar om positiv utvikling og framtidstru i næringslivet, og Rogaland er på veksttoppen i landet.


Barometeret som regiondirektør i Sparebank 1 SR-Bank, Runar Skarstein, no kan presentere for næringslivet viser optimisme, vekst i investeringsviljen og eit auka press på arbeidsmarknaden.

- Dei 10 siste åra har vore innhaldsrike for norsk økonomi. Oljenedgangen i 2015 til 2017 trakk ned veksten, og påverka særleg oljefylka langs kysten. SR-Banks konjukturbarometer viste hausten 2016 at oljebotnen var nær og våren 2017 kom det signal om eit markant, positivt omslag, heiter det i rapporten.

Vekst i oljenæringane

I ettertid har barometeret signalisert god vekst, og særleg i oljebransjen. Trass uro rundt Brexit og den pågåande handelskrigen mellom USA og Kina, samt lågare vekst globalt har likevel forventningane i bedriftene holde seg godt det siste året. No viser barometeret at heile 63 prosent av bedriftene er positive og trur på vekst i framtida, investeringsplanane held seg på eit moderat nivå og kan reflektere noko av den globale utryggleiken.

Den største optimismen no framover finn ein i Rogaland og i Oslo. Sjølv om oljenedgangen sette djupaste spor i Rogaland, har det frå våren 2017 vore auka forventningar i regionen. Ein ser også ein tydeleg trend i at sysselsetjinga no aukar og bidreg til lågare arbeidsløyse. Noko som igjen fører til auka press på arbeidsmarknaden og lønnsnivået.

Auka press på arbeidsmarknaden

- Det siste året har talet jobbar auka med to prosent ifølgje SSB, med høgast vekst i Oslo og i Rogaland. Frå oljebotnen i første kvartal 2017 har talet arbeidsplassar i Rogaland auka med ni prosent, noko som i hovudsak skuldast auka sysselsetjing, kjem det fram i barometerrapporten.

- Større bedrifter ventar vekst i aktivitet og tilsette. Dette tilseier auka konkurranse om arbeidskrafta og større press. Truleg vil også arbeidsinnvandringa ta seg ytterlegare opp. Arbeidsdeltakinga er også på veg opp. Auka produktivitet og outsourcing kan også bidra. Uansett er det en risiko for at bedriftene ikkje får tak i nok eller rett arbeidskraft. Uro om Brexit og handel globalt har bidratt til lågare vekst internasjonalt. Sjølv om bedriftenes forventningar er lite påverka, er vedvarande uro og svakare vekst ein risikofaktor for utviklinga framover, heiter det i rapporten som tar temperaturen på næringsutviklinga, både regionalt og nasjonalt.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details