- Her sto «til sals»-skilt i mange år utan at nokon greip moglegheiten, før Ottar Skjold Maskin kom på banen i 2015. Det fekk ein positiv smitteeffekt på heile næringslivet i bygda. Området er eit bevis på at det er god «trøkk» i anleggs- og entreprenørbransjen her, seier Endre Krakk i Krakk Transport.
Transportselskapet er den ferskaste tomteeigaren på næringsområdet på Knapphus.
Mange interessentar
Etter berre to år er første del (byggetrinn 1) av området, fylt opp av lokale bedrifter innan anlegg, transport og entreprenørbransjen. Byggetrinn 1 omfattar totalt 23 dekar, og husar i dag fem bedrifter: Ottar Skjold Maskin, Vats Anlegg AS, Bjarne Nordtveit AS, Krakk Transport AS og OSM Eigedom AS.
Byggetrinn 2 skal vera klargjort i slutten av november, og vil opna for ytterlegare 18 mål næringsareal.
Entreprenørbransjen dominerer feltet i dag, men området er også tilgjengeleg for andre næringar, mellom anna tenesteyting. Og allereie er det fleire som er interesserte i etablering, seier representant for Vindafjord kommune, Tor Gunnar Skaar.
- Næringsverksemder i heile Knapphus-området har vist seg å vera vellukka, så me såg at dette området kunne bli attraktivt for endå fleire. Før første etablering i 2015 venta me på tomtekjøparar før me sette i gong med opparbeiding av området. Då Ottar Skjold Maskin kom på banen starta ballen å rulla for alvor. Me har allereie fleire som har vore i kontakt om kjøp av tomt i byggetrinn 2, og me har tru på same positive utvikling her, seier Skaar.
- Alternativet var i Tysvær
Dei siste åra har det tetta seg til med naboar rundt Ottar Skjold Maskin, og gründeren sjølv har hatt tankar om næringsutvikling på Knapphus i fleire tiår.
- Eg bur like ovanfor her, og har kikka ned på dette arealet i 40 år. Både eg og mange andre har sett moglegheitene for næringsetablering her. Då me sjølv fekk behov for meir plass, var dette utan tvil den beste løysinga for oss. Hadde me ikkje etablert oss her, hadde alternativet vore Næringsparken i Aksdal, fortel Skjold.
Tilbakemeldingane på utviklinga i området har vore utelukkande gode, seier han.
- Aktiviteten her har nok vore med å framheva moglegheitene for næringsutvikling her i bygda, og bidratt til å sikra arbeidsplassar lokalt. Eg trur det har betydd ein god del for mange næringsdrivande, seier Skjold.
Går med byggjeplanar
Entreprenørselskapet har i dag tatt ut om lag halvparten av den 10 mål store tomta. Målet er å etablera heile verksemda vår her om nokre år.
Det same gjeld for Krakk Transport.
- Me har lenge lekt med tanken om å etablera oss på ny tomt. Me har hovudbasen heime i Nedre Vats i dag, og ønskjer framleis vera i nærområdet. Me har endå ingen konkrete byggjeplanar på Knapphus, men ser for oss å flytta verkstad og parkering hit på sikt, seier Krakk.