Klipper 1000 tonn stål i veka
Med verdas største stålsaks på plass på
Raunes, har AF Offshore Decoms Miljøbase i Vats ikkje berre kutta 4000 tonn
stål den siste månaden, men også kutta vesentleg i både produksjonstid og
gassforbruk.
Mellom stablar av tjukke stålrøyr, på om lag ein meter i diameter, ruvar den nye klippemaskina på AF Offshore Decoms Miljøbase i Vats. Ein gigantmaskin med krefter av stål, bokstaveleg talt.
I følgje
leverandøren Louritex er maskinen verdas største, med ei styrke i klypa på 2500
tonn. I løpet av ein dag kan saksa klippe opp vel 380 tonn stål, opptil 25 cm
tjukt.
- Stålsaksa representerer ny teknologi for oss, først og fremst på grunn av skalaen. Saksa går 12 timer i døgeret og gjer hele prosessen meir industriell og effektiv. Målet vårt er å fjerna og dela opp plattformene på ein sikker og miljøriktig måte, med så høg grad av gjenvinning som mogleg. Til saman er 175 000 tonn stål blitt gjenvunne ved Miljøbasen, tilsvarande stålet til 22 Eiffeltårn. Med denne saksa blir også det manuelle arbeidet redusert. I tillegg reduserer vi ikkje berre tid, men også vesentlege mengder gass ved å la maskinen ta seg av kuttinga, seier plassjef Stein Espen Bøe.
Kuttar stål, arbeidstid og gass
Det er mest
folketomt på Miljøbasen i Vats i desse
dagar. Storparten av dei tilsette er offshore for å førebu B11-plattformen for avreise frå tysk sektor til Raunes for opphogging,
der anlegget sin nyaste supermaskin ventar.
Stålsaks-maskina
vert driven via PC frå et kontrollrom med utsikt over saksa. Stålrøyr på omlag
7,5 meters lengde vert lagde ned i eit kammer, mens ei skuffe dyttar røyret fram
mot ein «giljotin» i enden, som kuttar røyret opp i passande lengder.
- Tidlegare
har veldig mykje av denne opphoggingsjobben vore avhengig av skjærebrenning.
Med den nye maskina unngår vi mykje av den manuelle jobben, og reduserer
gassforbruket betydeleg då stålsaksa vil overta mykje av arbeidet som tidligare
måtte gjerast med skjærebrenning, fortel HMSK-ingeniør ved Miljøbasen, Audhild
Rygg.
- Så er
heller ikkje skjærebrenning det mest ergonomiske arbeidet, så den nye maskinen
sparer medarbeidarane våre for mykje tungt og krevjande arbeid utandørs, seier
Rygg.
Offshore-førebuingar før anløp
Frå
stålsaksa var på plass i november har maskinen tatt seg av restane etter installasjonar
frå Ekofiskfeltet som såg sine siste dagar på Raunes. Restane av desse
installasjonane ligg nå i ein stålhaug som blir lasta om bord på skip
med kurs for Mo i Rana der det skal smeltast om til armeringsjern, som får nytt
liv i nybygg.
Den neste
store klippe-jobben vert B11-plattforma, der dei ulike modulane vil bli sende
til Raunes i tre skipingar ut over våren. Då skal saksa ta seg av understellet
på plattforma, blant anna gamle stållegger og strukturrøyr.
- Tidlegare har vi brukt ei mobil saks som også var avhengig av ein god del manuelt arbeid i tillegg til den maskinelle. Med den nye stasjonære saksa har me et konkurranseføretrinn då det effektiviserer kuttejobben betydelig, meiner Bøe, som er klar for nye klippejobbar ved Raunes.
- AF er stolte av å ha utvikla ein teknologi som gjer at materiala som vert frakta til anlegget i Vats blir resirkulert og brukt på ny. Ikkje-resirkulerbare materiale og farleg avfall blir separert på ein sikker måte og sendt til godkjende mottak for slikt avfall, fortel han.
No først skal
B11-plattforma i saksa, deretter kjem Murchinson-plattforma frå britisk sokkel.
Den plattforma er ei av de største stålunderstellsplattformene i Nordsjøen, og
AF Offshore Decom byrjar offshore-førebuingane i 2016.