Kjøpte sin eigen arbeidsplass for ei krone

Karin Nådland er blitt butikkeigar på Bjoa. Det har gått fort frå ho starta som assistent i fjor sommar til ho vart dagleg leiar i februar, og no har enda opp med å kjøpe heile butikken – for ei krone.

- Eg måtte tenke meg om både ein og to gonger då tilbodet kom i vår. Sambuaren min rådde meg først frå å ta over, medan styreleiaren meinte eg var dum om eg ikkje takka ja. Mest av alt hella det mot å takka nei, men då eg fekk med meg den tidlegare sjefen min som assistent, fall den siste usikre brikka på plass, fortel ein sprudlande butikkeigar. 

- Me får det nok til, stemmer assistent Nina Kristine Aspenes i. 

Ho har funne seg godt til rette på Bjoa, sjølv om ho må pendle helt frå Bokn til sin nye arbeidsplass. Nådland vil svært gjerne at ho gjer som henne sjølv; flyttar til Bjoa og blir bjoabu. Med mann og born på Bokn, så blir det nok pendling for Aspenes framover. 

Mange planar 

Damene boblar formeleg over av entusiasme og røper den eine planen etter den andre. Går det som dei vil, så skal bjoabuen få både eitt og hitt tilbake i butikken. 

- Det aller første blir å gjeninnføre komletorsdagen. Så snart me får på plass ein god komfyr. Det skal bli kjempekjekt å tilby dei eldre på Bjoa ein betre komlemiddag. Dei yngre òg, sjølvsagt. Kvar torsdag, kan dei fortelje. 

- Og så vil me få biblioteket tilbake til bygda. Det vil seie; me vil at bjoabuen skal få høve til å låne bøker lokalt. Me har vore i kontakt med biblioteket i Vindafjord, og har no fått stadfesta at dei ville prøve. Torsdag 3. november inviterer me til informasjonsmøte med kaker og kos. Folk frå biblioteket skal informere om korleis det kan lånast bøker over internett. Det blir òg plassert ut ein bokkasse med aktuelle bøker for utlån, fortel Nådland. 

Går det som ho vil, så kan det i tillegg til bøker bli både post- og apotektenester på Buo. 

- Eg har vondt av at dei eldre må heilt til Ølen for å sende eller ta imot pakkar, og har kontakta Posten for å høyre om det kan la seg gjera å få denne tenesta i nærbutikken vår på Bjoa. Det er ikkje snakk om «Post i butikk», men eit lite «pakketilbod». Håpet er at landpostbodet kan ta pakkane med seg til og frå butikken, seier Nådland. 

Apoteket i Ølen har ho òg kontakta for om mogleg å få eit litt utvida tilbod på medisinutsal. Ingen skal ha det å seia at ho ikkje prøver, og med iveren ho har lagt ned så langt, lovar det godt for framtida til Buo. 

Mykje nytt å setje seg inn i

Nådland fortel at ho er under opplæring som sjølvstendig næringsdrivande og arbeidsgjevar. Det er mykje å setje seg inn i, men overkommeleg så lenge ho veit kor hjelpa er å finne. 

- Kor hjelpa finst har eg kontroll på. I den daglege drifta har eg assistenten min, og elles god hjelp av skuleungdomen Twan Blømer. Blømer skal bli tømrar, men er òg ein drivande god butikkassistent. Sist laurdag tok han heile ansvaret medan Nina og eg var opptatt på kvar vår plass. Butikken var i gode hender, skryt Nådland. 

Når det gjeld spørsmål og hjelp med rekneskap og lønssystem, så er rekneskapsføraren i Norgesgruppen berre ein telefonsamtale unna. Styreleiaren, som lokka henne til å ta over butikken, har takka for seg og reist frå bygda, men støttar opp som best han kan når Nådland søker råd. 

- Me får det nok til, skal du sjå. Herifrå gir me berre «bånn gass», seier den ferske butikkeigaren og assistenten hennar samstemt.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details