Kvifor tenkjer du ein sommarjobb er viktig?
– Det er mange gode grunnar til å ha ein sommarjobb, men personleg trur eg at eg hadde gått lei nokså raskt om eg skulle ha gjort ingenting ein heil sommar. Ein sommarjobb er ein god anledning til å få ein smak på arbeidslivet, den skapar struktur, og det kan vere kjekt å ha litt ekstra å spe på med om studentbudsjettet skulle ha tendens for å vere litt trongt. Dessutan er det alltid kjekt med litt "CV-mat", uavhengig av kva sommarjobb det er, så lenge ein kan gje inntrykk av at ein har noko erfaring i det heile.
Sommarvikaren
- Namn: Benjamin Landro
- Alder: 21 år
- Arbeidsstad: Kiwi Ølensvåg
- Studerer: Nanoteknologi ved NTNU i Trondheim
Kvifor ville du jobbe her?
– Eg likar å prøve litt ulike ting, og har difor hatt ein del forskjellige sommarjobbar, og tenkte i år at å jobbe med kundar og butikk kunne vere spanande. Til dagleg møter eg mange kjente andlet, og det er alltid triveleg å slå av ein liten prat. Det er og kjekt å ha ein lokal sommarjobb.
Kva ville du sagt til ein som vurderte same feriejobb?
– Om du er glad i jobbe rundt og med menneske, og likar å sjå orden i system, er Kiwi ein flott plass å søkje! Dessutan er det kjekke og tolmodige kollegaer ein har rundt seg. Og det skadar aldri å prøve noko nytt, ein lærer noko uansett utfall!
Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått?
– Om eg kunne reist kor eg ville, trur eg at eg hadde teke turen til anten Island for å sjå Den blå lagune og geysirane, eller Japan for å oppleve ein heilt annleis kultur, og sjå om det er aktuelt med utveksling der.
Kva er dine planar for sommaren?
– I sommar er eigentleg mykje av planane å jobbe. Eg brukar mykje tid med kjende og kjære som eg elles ikkje ser så mykje til i løpet av studieåret. Mykje tid går med til padel tennis, beach volley, badminton, frisbee golf og andre aktivitetar. Ein to-vekers ferie i Spania er i gang nett no, men utanom det, er det å lade opp batteria til eit nytt og lærerikt semester!