Kva hugsar du best frå 2021?
– Det var spesielt å sitte på rekke og rad i Ølen og delta på massevaksineringa. Nyhendebiletet har vore prega av covid-19 og straumprisar, og elles har me hatt det godt og hatt ein fin sommar.
Kva var det viktigaste som skjedde for di bedrift i fjor?
– Det var at talet på personar som valde Riggutdanning.no som kursleverandør haldt seg stabilt.
Kva blir den største utfordringa for det nye året?
- Utfordringa neste år blir å oppretthalde omtrent same talet på kursdeltakarar.
– Kva er ditt største ønskje for 2022?
– Det er at pandemien ikkje påverkar samfunnet i like stor grad, at folk får vere friske og at det vert fleire positive hendingar å lese og høyre om i nyhenda.