Julemesse for nytt bedehus

Dei siste åra har julemessa på bygdasenteret i Ølensvåg fått inn over 200 000 kroner årleg til inntekt for nytt bedehus. På laurdag blir den populære messa arrangert for sjette gong.


- Men det er ikkje berre inntektene som betyr noko, det viktigaste er at det samlar folk og at dei har ein kjekk føremiddag i lag, fortel Inger Elisabeth Koch i julemessekomiteen. 

I løpet av ei førjulshelg kvart år sidan 2012 har gymsalen på bygdasenteret blitt fylt til randa av heimelaga, kortreiste juleprodukt. 


Julemessa på bygdesenteret i Ølensvåg

Alt frå bakst og handverk til mini-juletre og utedekorasjonar har trekt mange besøkande til det som har blitt ei tradisjonsrik julemesse for folk i alle aldrar. 

- I tillegg er det både kafèsal, loddtrekning og eiga julemesse for born med aktivitetar som fell i svært god smak hjå dei minste, som å pynta peparkaker og laga julekort, seier Koch. 

Arrangementet er indirekte tilknytta Vågen bedehus og inntektene går uavkorta til nytt bedehus. Første året fekk julemessa inn 80 000 kroner til nytt bedehus. Dei tre siste åra har messa passert 200 000 kroner i inntekter som går uavkorta til bedehusprosjektet. 

Saman med Ruth Fosse og Ragnhild Thorsen står Koch i bresjen for den populære messa. I tillegg kjem eit større gjeng som gjennom heile året lagar produkt til messa i bakegrupper, strikkegrupper, sygrupper, snekkergrupper og naturproduktgrupper. 

- Alle produkta er heimelaga. Me har ingen eksterne utstillarar då me rett og slett har avgrensa med areal i gymsalen. Det er oss sjølve som lagar og sel produkta, og det har vist seg å slå svært godt an, seier Koch. 

Det blir jobba med konkrete planar om nytt bedehus i Ølensvåg, og sjølv om tidsramma ikkje er heilt fastsett, er nytt bygg innan rekkevidde. 

- Dersom alt går som me håpar vil me vera inne i nytt bedehus i løpet av fem år. Og i mellomtida satsar me på like populære julemesser kvart år, både før og etter det nye bedehuset står klart, seier Koch.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details