Næringsliv møter ordførarkandidatar til debatt
Regiondirektør i NHO, Hallvard Ween leiar ordskiftet når næringslivet i Vindafjord utfordrar ordførarkandidatane under politisk næringslivsdebatt komande onsdag.
Samtlege ordførarkandidatar i Vindafjord må svara for seg på saker kring lokal og regional næringsutvikling når dei møter næringslivet til debatt på JoaKari i Ølen, onsdag kveld. Debatten er i regi av Fikse Næringsutvikling.
- Me vil oppmoda næringslivsaktørane til å utfordra politikarane på spørsmål kring utvikling og moglegheiter for bedriftene i kommunen, fortel leiar i Fikse næringsutvikling, Asbjørn Moe.
- Ordførarkandidatane skal veta kva forventingar og ønskje næringslivet har til kommunen som tilretteleggjar for vidare vekst. Men her vil også kandidatane få lufta kva ønskje kommunen har til dei lokale bedriftene, seier Moe.
Fleire tema står på dagsorden, mellom anna læreplassar og satsing på yrkesfag, betydinga av kommunereformen for næringslivet og kva konsekvensar Regional plan for areal og transport på Haugalandet vil føra med seg for næringslivet i kommunen. Den regionale planen er utarbeidd av Rogaland fylkekommune, og kan bli eit heitt tema for debatten.
- Planen vil vera av stor betyding for rammevilkåra som blir lagt, og vil leggja detaljerte føringar for kommunane sine styringsrammer, og både innbyggjarar og næringslivet sine utviklingsmoglegheiter. Planen kan medføra ein del avgrensingar for vidare utvikling av næringslivet i Vindafjord, meiner Moe.
Tilsvarande valmøte blir også arrangert i Etne, torsdag 3.september på Meieriplassen Arena.