Inviterer til fond-frukost

Korleis kan bedrifta di få avkastning på overskotslikviditeten? 29. november vil Etne Sparebank gi deg svar på det, når dei inviterer lokalt næringsliv til frukost med Heimdal Forvaltning.

Etne Sparebank inviterer alle lokale bedrifter til frukostmøte med Heimdal Forvaltning, og deretter påfølgjande sparelunsj for bedrifter i Medvind Næringshage. Vertskap er  finansielle rådgivarar i banken , Bjarte Dagestad og Elin Hegerland Hjelvik. Foto: Etne Sparebank

Etne Sparebank er ein av dei første uavhengige bankane i landet som har gått inn på eigarsida i eit fondselskap. For eit år sidan lanserte banken Heimdalfondene for eigne kundar og på nasjonalt nivå.

- Med dagens låge renter får ein negativ avkastning på overskotslikviditeten om den står på driftskonto. For dei som ønskjer avkastning på overskotslikviditeten kan Heimdalfondene vera eit godt alternativ, seier Bjarte Dagestad, finansiell rådgivar i Etne Sparebank. 

Både Etne Sparebank og andre store og små bedrifter i Vindafjord har benytta seg av Heimdalfondene  til nettopp det.

- Me ønsker fleire bedrifter velkommen til å plassera midlar i fondet, og har invitert Heimdal Forvaltning for å presentera selskapet, fonda og for å sei litt om forvaltningsstrategien til selskapet. Selskapet forvaltar i dag fem fond og har skapt solid avkastning i fonda i 2017, seier Dagestad. 

Heimdal er eigd av Etne Sparebank, Jakob Hatteland og ei rekke investorar i Stavanger-området, og har hatt ein betydeleg kundevekst dette året.

Frukostmøte for bedrifter i Etne og Vindafjord

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details