Innovasjon Norge tett på Vindafjord-bedriftene

To dagar i veka har Innovasjon Norge kontordag i Haugesund. Torsdagar og fredagar er tidlegare banksjef i SR-bank si avdeling i Ølen, Hans Kristian Torske, å treffe på kontoret hos Haugaland Vekst.

Med eigen medarbeidar busett i Haugesund er Innovasjon Norge komne endå tettare på bedriftene i Vindafjord. Torske er tilsett ved Innovasjon Norge sitt kontor i Stavanger, der han held til resten av veka, om han då ikkje er ute i bedriftsbesøk på Haugalandet. Nyleg hadde han møte med fleire bedrifter på kontora hos Medvind Næringshage i Ølensvåg. 


- Eg kjenner godt til næringslivet i Vindafjord frå tida mi i banken, og det er spanande å møte bedriftsleiarar, høyre ideane deira og kanskje og kunna gi råd og rettleiing for vegen vidare. Me har eit strengt regelverk å halda oss til når det gjeld tildeling av midlar, så det er nok ikkje alle ideane som utløyser støtte frå Innovasjon Norge, men som likevel kan vera gode prosjekt å gå vidare med, seier Torske. 

Viktig å vera oppdatert 

Frank Abelseth i Vinnarskalle var ein av dei som fekk Torske i tale. 

- Mi forventning til samtalane var todelt. Eg har ein idé til eige prosjekt som eg vonar å få støtte til, men køyrer og prosjekt for kundar som kan ha forhåpningar om støtte frå Innovasjon Norge. For meg er det viktig å vera oppdatert. Når kan me gjera oss nytte av Innovasjon Norge og kva kan me bruke dei til? Det er ein krevjande prosess kor eg vonar å kunne vera til hjelp for å koma i mål med prosjekta, seier Abelseth, som synest det er flott at Innovasjon Norge kan koma ut mellom bedriftene for å gi og ta imot informasjon. 

Nøktern innstilling

Øyvind Oland i Oland gjekk i møte med Innovasjon Norge med ei nøktern innstilling. 

- Innovasjon Norge har nok eit anna ambisjonsnivå om vekst og internasjonalisering enn det eg har, og Torske kunne nok ikkje gje meg store forhåpningar om økonomisk støtte derifrå. Eg kjem uansett til å gå vidare med prosjektet mitt, som i korte trekk går ut på å visualisera til dels kjedelege tekstar i prosedyrar og sjekklister. Gjennom å trekke inn kommunikasjons- og presentasjonskunnskap og grafiske hjelpemiddel er målet å auke bruken og forståinga av prosedyrane. Ganske enkelt gjera dei lesande og praktisk tilgjengelege for brukarane, fortel Oland. 

Som Abelseth meiner Oland likevel at det er nyttig å halda seg oppdatert og ser positivt på at Innovasjon Norge er tilgjengelege lokalt.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details