Informasjonsmøte med Innovasjon Norge
Kva støtteordningar finnest hjå Innovasjon Norge? Kven kan søka, og korleis?
Medvind24 Næringshage inviterer til informasjonsmøte med Innovasjon Norge på Medvind Næringshage i Ølensvåg 26. september, kl. 12.00
Bli kjent med støtteordningane i Innovasjon Norge og få gode råd om søknadsskrivinga. Ragnhild Kristin Espeland og Joachim Rinden frå Innovasjon Norge i Rogaland stiller med nyttig informasjon og gode råd:
- Innovasjon Norge sine vanlegaste støtte- og låneordningar
- Målgrupper og rammer for ordningane
- Kriterier og tips for søknadar til Innovasjon Norge
- Spørsmål
Dersom de ønskjer eit eige møte med Innovasjon Norge for å drøfta idear eller prosjekt, set me opp eit eige møte for dykk.