Her er dei lokale Gaselle-bedriftene


I Vindafjord har heile ni bedrifter fått Gaselle-status etter resultata i fjor. Både AdmMit, Granberg og Him Transport er på lista over dei bedriftene i kommunen med sterkast vekst det siste året, med seg på lista har dei også Ilsvåg Holding, Kalstveit Bygg, Omega 365 Solutions , Stople Maskin AS, Vats Anlegg AS og Vest Stål & Fasade AS. I Etne kommune er både Brødrene Mæland Bygg og Funtek komne med på den populære lista.

Det er Dagens Næringsliv som kvart år kårar dei mest suksessfulle bedriftene i kvar kommune. Kriteria for å få statusen er å minst doble omsetnaden over fire år, levere godkjente rekneskap, omsetnad på over ein million kroner første året, positive rekneskapstal og at ein er eit aksjeselskap. Connector Subsea Solutions AS, som driv med djupvannsreperasjon av olje og gassrørledningar vart kåra til årets vinnar i regionen for Rogaland og Vestland.


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details