Held liv i klesbutikken

Det tidlegare bakeriutsalet i Isvik får nok ein gong nytt liv. Laurdag opna klesbutikken Lykkedryss.

Det som tidlegare var Myhres klær og mote avd. Skjold blir nå Lykkedryss når Lill Inger Velde, som held til i Vats, tar over butikken.

- Det er veldig spennande å opne eigen klesbutikk i Skjold, men også litt skummelt, Eg har jobba i klesbutikk før, men aldri drive for meg sjølv, fortel Lill Inger Velde. 

Det gamle bakeriet i Skjold blir nå Lykkedryss. Foto: Kristian Risanger. 

Vatsbuen tek over det rundt 70 kvadratmeter store lokalet som i si tid starta som Brødrene Langeland, det lokale bakeriet i Skjold. Seinare blei det kjøpt opp av Haugli AS i 2011. 

- Eg vart tipsa om at klesbutikken i Skjold var til sals. Etter ein telefon til ho som dreiv den og eit par timar med tenkepause bestemte eg meg. Alt dette skjedde i slutten av desember, så det heile har gått fort. Men det var jo berre å hoppe i det for å kome i gong, forklarer Velde.

Ho tek over vareutvalet til Myhres, men har planar om å etter kvart gå over til andre merker. Ho skal fortsette med sal til både herre og kvinne. 

- Eg skal gradvis ta inn andre merker, og få meir av min stil på butikken, seier Velde.

Gir klestips 

Velde går frå jobben som barnehageassistent og hadde første erfaring i klesbransjen på B-young på Amanda Storsenter. 

- Det var knallkjekt å hjelpe folk med å finne rette klede, det er den kjekkaste jobben eg har hatt.

God respons

Butikken har berre vore open sidan laurdag 4. januar, men Lill Inger har allereie fått mykje bra respons.

- Folk er generelt veldig positive. Dei seier at de syns det er kjekt at butikken blir drive videre, så få me berre håpa at dei vil komme innom å kjøpe et par plagg også, ler ho.

Lykkedryss har opningstider onsdag til laurdag, men det kan utvidast etter kvart som ho kjem skikkeleg i gong.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details