Dagleg leiar i Haugaland Transportskole AS og TK Trafikkskole AS, Ølensbuen Torleif Vestre, er godt nøgd med dei nye lokala i Ølen. No håpar han mange tar turen innom i morgon, på Sjoardagen.
– Dei nye lokala er større og betre tilpassa vår bruk enn dei gamle, noko som gir oss og våre elevar betre vilkår for undervisning og opplæring. Vi ønskjer å gi eit godt tilbod til våre elevar, og vi ønskjer å bidra til å skape eit tryggare trafikkmiljø i Ølen og regionen generelt, seier han i ei pressemelding.
Lokal forankring på kontoret
I kvardagen er det Lotte Jansen, Julie Berge og Annhild Sundfør som vil drive med opplæring og betene elevane i Ølen. Dei erfarne trafikklærarane er alle frå Vindafjord og dei har allereie tatt lokala i bruk til undervisning.
– Dei nye lokala har betre fasilitetar, er romslegare og lysare og har betre plass til elevane når vi har gruppeundervisning, seier ein nøgd Julie Berge.
– Med nye og moderne hjelpemiddel vil kvaliteten på opplæringa bli endå betre, legg Lotte Jansen til.
Det trafikale trekløveret meiner det er viktig med ei lokal forankring.
Variert tilbod
– Vi ønskjer å vere den føretrekte trafikkskulen i Ølen og omegn, seier Lotte.
– Elevane våre kjem frå heile Vindafjord og Etne kommunar, og kontoret i Ølen er sentralt plassert for dei aller fleste som bur i området.
Kontoret tilbyr opplæring i førarkort klasse B, samt tilhengar, klasse BE og B96. I tillegg har dei også undervisning for moped og traktor. Haugaland Transportskole AS har sidan starten i 1998 vore ein av regionens leiande trafikkskular, og har i dag hovudkontor i Haugesund og avdelingar i Ølen, Kopervik og på Åkra. Transportskulen er ein del av TK Trafikkskole, som har sju trafikkskular med totalt omlag 20 lokasjonar spreidde over store delar av Noreg.