Har «ny» Joker i ermet

Etter fire dagar med stengde dører og eit solid ansiktsløft, er Joker Vikebygd klar for å ta i mot kundar i «ny» butikk. Torsdag kl. 12. blir det snorklypping, nyopning og kakefest.

- Eg har nokre tankar og idear om ting eg kunne tenkte meg å gjera med forretninga, sa Gunn Vikingstad da ho overtok butikken hausten 2016 Nå inviterer ho til nyopning. .

Jokeren stengde dørane laurdag og har sidan vore under ombygging. Og i morgon, torsdag, kan vikebuar og andre kundar handla i heilt ny Joker-butikk. 

Nesten ny i alle fall. 

- Me har gjort ein god del endringar, pussa opp og ominnreia. Butikken framstår som ny, og me gler oss til å ta i mot kundar igjen frå i morgon av, fortel butikksjef Gunn Vikingstad. 

Torsdag kl. 12.00 blir det nyopning, med kakefeiring og snorklypping, som seg hør og bør

- Alle er hjarteleg velkomne, seier Vikingstad som overtok butikken 1. oktober i fjor etter at Rolf Alne då avslutta sine 17 år som kjøpmann i Vikebygd.

- På mindre stader som her i Vikebygd har den lokale butikken ei viktig rolle. Det handlar ikkje berre om ein stad å kjøpa seg mjølk og brød, men om ein samlingsplass og eit knytepunkt. Mange ser på butikken som ein sosial arena, det er eit lim i lokalsamfunnet, seier Vikingstad.

Utanom daglegvarehandel med post og medisinutsal har Joker Vikebygd fleire andre tilleggstenester, som blant anna treningssenter, bok i butikk, catering og utkøyring av varer. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details