Den orange oljedråpen på blå bakgrunn er snart historie ved bensinstasjonen i Ølensvåg og samtlige andre Statoil-stasjonar i Noreg og Sverige. Allereie i vår startar ombygginga av stasjonane i Noreg, som då blir omdøypt til Circle K, og får ny fargedrakt i raudt, gult og kvitt.
I Ølensvåg startar omprofileringa truleg til hausten, og dagleg leiar ved Ølensvåg Autosenter, Bjarte Berge, ser fram til ansiktsløftet ved stasjonen.
- Det er alltid positivt med noko nytt, og eg har tru på at den nye merkevara Circle K vil bli populær. Først og fremst er det namneendringa, fargane og profilen som blir fornya. Andre endringar veit me førebels ikkje noko om, men bensinstasjonane i Noreg vil nok dra vekslar på stasjonar som går under same kjede i nord-Amerika også når det gjeld varer og tenester, seier Berge.
Hamskiftet kjem som følgje av at den kanadiske kjeden Couche Tard kjøpte aksjemajoriteten i Statoil Fuel & Retail i 2013. Til nå har stasjonane vore Statoil-merka, men i løpet av året vil den kjende merkevara blir erstatta av Circle K på meir enn 300 bensinstasjonar langs vegane i nord-Europa.
Circle K er alleie eit kjent merke i store deler av verda, og er i følgje hegnar.no Couche-Tards største og mest internasjonale merke. I dag er Circle K å finna på tusenvis av butikkar og bensinstasjonar i 14 land verda over. Totalt vil meir enn 15 000 bensinstasjonar globalt i kjeda nå bli omdøypt og få ny profil.