For andre gong skal prisen «Årets gründer» delast ut under nærinsglivskonferansen på Olalia i april 2016.
- Me ønskjer å stimulera til og fremja etableringsvilje og nyskaping i Vindafjord, og setja ekstra søkelys på gründerånd, entreprenørskap, innovasjon og heidra nyetablerte verksemder i kommunen, seier dagleg leiar i Medvind Næringshage, Rita Fridfeldt.
Under Næringslivskonferansen NæringsGIV 23 april 2015, delt ut for første gong. Prisen gjekk då til dagleg leiar i Utbjoa Armering og Sveis, Terje Kristiansen. Nå ønskjer juryen forslag frå ålmenta om gode namn som fortener æra for nyskaping og gründerverksemd.
Kriterier for prisen
I utveljinga vil juryen vektleggja følgjande punkt:
- Om bedrifta har ambisjonar om vekst og/eller innovasjon
- Verdiskapingspotensial i bedrifta
- Bedrifta si vekst dei siste åra
- Om bedrifta har bidrege til sysselsetjing
- Gründeren/gründerane skal vera etablert eller ha avdeling i Vindafjord kommune
- Gründeren/gründerane bør leia/eiga ei nyskapande og innovativ bedrift
- Gründeren/gründerane kan sannsynleggjera eit vekstpotensial
- Bedrifta må væra registrert dei seinare år
Hugs å merka eposten med «Årets gründer».
Vil fremja utvikling
- Me ønskjer forslag til personar, organisasjonar eller bedrifter som har etablert nyskapande bedrifter med verdiskapingspotensial og som har eller kan bidra til sysselsetjing. Prisen er på 30 000 kroner som skal brukast til vidareutvikling av verksemda, seier Fridfeldt.
Som leiar av næringshagen sit ho i juryen saman med representantar frå Grannar, Vindafjord kommune og Sparebank 1 SR-bank.
- SR-Bank har alltid vore opptekne av å støtta opp om og fremja utvikling. Difor ønska me også å støtta opp om vinnaren ved å bidra med ein pris på 30 000 kroner. Me ønskjer å gi prisen til gründerar som er i startfasen, som har ein god plan for vidare selskapsutvikling der det er potensiale for vekst og arbeidsplassar, seier banksjef for Sparebank 1 SR-Bank Indre Haugalandet, Magne Christiansen.