Lokalt er rettleiingsordninga finansiert av Etne og Vindafjord kommunar og gir bedrifter navigasjonshjelp gjennom retningslinjer og dei nasjonale tiltakspakkane frå regjeringa. Ordninga er det til saman ti Haugaland Vekst-kommunar som har gått saman om å opprette. Rettleiinga er gratis inntil tre timar per bedrift.
Gratis koronarettleiing
- Tre timars gratis navgasjonshjelp for lokale bedrifter
- Finansiert av Etne og Vindafjord kommune, i samarbeid med Fikse Næringsforening og Medvind Næringshage
- Interesserte bedrifter henvender seg til post@medvind24.no eller ring tlf. 993 25 412
- Dette er ei generell teneste, og kjem i forkant av og ikkje i staden for spesialiserte aktørar som bankar, administrative, juridiske og økonomiske rådgjevarar, opplyser Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling i informasjon delt via foreiningen sine kanalar.
Bedrifter som er interesserte i å nytta seg av tilbodet bes henvende seg via epost eller telefon til Medvind Næringshage.